Apr 26, 2022

Tidsskjema til bryllaupsdagen

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Korleis sette opp eit godt tidsskjema for bryllaupsdagen


Dei fleste av oss er ikkje eventplanleggarar, så det er fullt forståeleg at det å prøve å organisere alle aspekt av bryllaupsdagen din for å væra heilt sikker at ingenting går feil kan kjennast på som litt overveldande. Så det å lage eit tidsskjema for den store dagen i god tid kan hjelpe deg i å holde kontroll på tankane slik at du kan kjenne at du er litt «on top of things».

Ein timeplan for bryllaupsdagen din er ikkje berre noko som er eit godt hjelpemiddel for deg, det er også veldig praktisk og nyttig for dei som har ansvaret for bryllaupsfesten. Å ha alle på den samme sida utgjer ein stor forskjell!

Min erfaring er at dess meir planlegging eit brudepar gjer før den store dagen, dess meir kjem bryllaupet til å gå knirkefritt. Den største fordelen med å gjere ein skikkelig innsats med førebuinga på førehand? Din einaste jobb i løpet av dagen vil væra å nyta kvart augeblikk.

Eit tips: Prøv å væra realistisk når du set av tid til kvar del i løpet av dagen – du vil ikkje kjenne på at du må skunde deg i å fullføre vigsla før du skal skunde deg til fotograferinga. Det er mykje betre å ha litt ekstra tid, enn å stressa over at einskilde punkt på lista ikkje er fullført. Overordna bør eit tidskjema innehalde følgande punkt:

– Bruda førebur seg
– Brugdom førebur seg
– Gjester kjem til vigsla
– Bruda kjem til vigsla
– Vigsla
– Kyrkjetrappa
– Familiebileter
– Portrett av brud og brugdom
– Mingling før middag
– Talar
– Portrett i solnedgang
– Opning av kakebord
– Dans

Hugs på at ingenting skje i denne rekkefølga og at du fint kan stryke dei punkta og legge til dei punkta du ynskjer. Det er din dag!

Tidskjema for bryllsupry

Ting du bør vurdera å ta med i tidsskjemaet

Gjere seg klar

– Denne delen kan av og til bli ein litt lengre del, spesielt viss fleire enn bruda skal få ordne hår og makeup. Om du ynskjer å ha bileter frå at du gjer deg klar, er det også lurt å tenkje over kva type bileter du ynskjer. Er du mest oppteken av å få bileter av stemninga og dei som er med deg, eller ynskjer du kanskje ein kombinasjon av det og bileter av til dømes brudekjolen. Hugs på at dess meir du ynskjer å få dokumentert, dess meir tid treng me på denne delen.

– Pass på å koordiner med fotografen slik at ein også får tid til å ta bileter av brugdomen hans forlovar. Når du set opp tidsskjema på førehand, snakk med dei som skal ordne hår og makeup for å finne ut kor mykje tid dei treng. Legg så til ein liten buffer slik at denne delen blir fri for stress.

I løpet av vigsla

Når du tenkjer igjennom vigsla, så er det samstundes viktig å tenkje på kva tid på året du giftar deg. For eit sommarbryllaup vil eg anbefale å ha vigsla litt ut på ettermiddagen (særskilt om du går for utevigsla), då lyset er mykje betre då. I tillegg så unngår gjestene dine å bli altfor varme i steikande sol i tilfelle du har lagt vigsla tidleg på dag.  

Giftar du deg på vinteren? Då tenkjer eg at det er betre å ha vigsla tidlegare på dagen enn for eit sommarbryllaup slik at du ikkje går glipp av alt det fine lyset for fotograferinga.

I tillegg, når du set opp eit tidsskjema så er det lurt å sette av ikkje meir enn ein og ein halv til to timar i mellom vigsla og middagen. Du vil ikkje la gjestane dine vente for lenge før sjølve feiringa startar.

Tidskjema for bryllaupet

Portrett

Ikkje gløym å set av tid til å ta ulike portrett. 10  minutt til ulike gruppebileter og 10 minutt for familiebileter. Sjølve fotograferinga av deg og din får me gjort på 1 og ein halv time, men det kjem naturleg nok an på kor mykje tid som går med til å komme seg rundt til ulike lokasjonar.

På sommaren er det slik at dess seinare ein tek bileta, dess betre er det. Igjen må eg presisera at det å komme seg rundt tek tid, så vel ut 1 til 2 lokasjonar for bileta av dykk to. Giftar du deg i ein større by, tenk også over om du må igjennom sentrum med masse trafikk som kan fort føre til at ting tek lengre tid enn planlagt.

Tidsskjema for bryllaupet

I løpet av sjølve festen

For å væra heilt sikker på at alle er på samme sida, inkluder så mange detaljar som råd til dei som har ansvaret for sjølve feiringa. Og når sola er på veg ned, så likar eg å ta med meg brudeparet ut ein 10 minuttar der me knipsar nokre portrett når sola er på veg ned. Legg rom i programmet slik at ein kan komme seg ut nokre minutt utan at heile skjemaet må bli forskyvd.

Ingen av mine kundar har angra på at dei tok 10 minutt for å få bileter i fantastisk kveldslys. Sidan det generelt er vanskelig å vite akkurat når festen vil bli avslutta, så forsøk å legge så mykje av det de ynskjer å få dokumentert tidleg på kvelden.

Dette kan væra eit fint alternativ om du går for ein mindre pakke eller ikkje har behov for å ha ein fotograf på kvelden. Ein fin avslutning på bryllaupsfotograferinga kan væra alt i frå brudevalsen, kakespretting eller stjerneskotsbilete. Viss du planlegg dette i forkant, så vil fotografen din vita akkurat når du ser føre deg avslutninga slik at ein veit at ein har fått med seg alle dei viktige punkta.

Ikkje bli stressa om ikkje alt går etter planen (du kan ikkje kontrollera været, ikkje sant?). Det er heilt innafor å væra fleksibel. Faktisk, så er det slik at dei augeblikka som ein ikkje heilt sjå komma kan bli nokre av dei beste minna frå dykkar feiring.


Til slutt. Me kan alltid få ting til å fungera, hugs berre på å informera fotografen og resten av dei som har ansvar viss ting endrar seg. Gi deg sjølv rikelig med tid og rom når du set opp tidsskjema, så du kan nyta dagen og slå av ein prat med gjestene. Med eit godt tidsskjema utarbeida, så kan du lena deg tilbake og slappa av, og ikkje minst få mest mogleg ut av din store dag!

Har du nokre ekstra tips? Legg dei inn i kommentarfeltet nedanfor!

Er du klar for å få endå meir inspirasjon og tips? Konge! Då kan eg anbefale deg denne artikkelen, klikk her!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.