så kjekt at du tok turen innom
Med ein oppvekst på gard langt framme i Sogndalsdalen, var det ikkje sjølvsagt at det var fotograf eg skulle bli. På min første store utenlandstur hadde eg bestemt meg for å investere i eit fotoapparat, litt fordi eg hadde fått sansen for ordentlige fotoapparat (kanskje den største grunnen?;), men også fordi eg tenkte det var ein fin måte å ta vare på minna eg kom til å oppleve. No mange år seinare har eg framleis den same interessa, og alle desse åra med erfaring tek eg med meg inn i fotograferinga av ditt bryllaup!
På din dag vil eg først og fremst formidla den gleda, dei forventningane - ja, dei gode augeblikka som utspeler seg igjennom dagen. Eg har eit smittande engasjement, og ein væremåte som gjer at du kjem til å kjenne deg komfortabel med å bli teken bilete av.
Ta deg god tid, set deg godt til rette å bla gjennom alt du finn her.
Eg er busett i Sogndal, men reiser dit du vil!
Kontakt:
E-post: post@hillerenfoto.no
Tlfnr: +47 99 46 98 16
Mitt namn er Endre
Hei!