Apr 14, 2022

3 tips til bryllaupet! Er du klar for bryllaup i 2022?

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Denne bloggposten har blitt oppdatert den 14.april 2022

Planlegginga framover

Det er mange ting som går inn i ei førebuing av eit bryllaup og om du skal gifte deg i 2022 er det mange ting som no framover skal konkretiserast i endå større grad. Som bryllaupsfotograf har eg gjort meg mange tankar rundt bryllaup, ikkje berre når det kjem til fotograferinga.

Eg tenkjer at du først å fremst bør tenkje på kva som er viktig for deg og kva er det du set pris på når du planlegg bryllaupet. Gi slepp på tradisjonar og forventningar.

Bryllaup på Yrineset i Oldedalen



Tips nr. 1: Kva ynskjer eg å sitte igjen med? Kva er viktig for meg?

Det å gå nokre rundar å reflektere litt rundt desse spørsmåla, vil hjelpa deg i stor grad i å få meir klarsyn i måten du planlegg køyreplanen for fotograferinga og dagen i sin heilskap. Viss du ynskjer å fange essensen av heile dagen, med små og store augeblikk, så vil ein heildagsfotografering væra med på å dekke det behovet. Er familiebileter viktig for deg, så ryddar ein berre plass i programmet for dette.

Bryllaup i Årdal

Tips nr. 2: Korleis kan eg få bruka dagen på ein slik måte at eg får gjere mest av det eg vil?

Eit bryllaup er ikkje først og fremst ein lang fotografering, sjølv om mange heilt sikkert kan få ein opplevelse av det.
Dette er ein dag du skal feira med dine næraste og det er viktig at de tenkjer igjennom kor mykje og kva du vil ha bileter av. Om du ynskjer å bruke mest tid ilag med dei næraste, så treng ein ikkje bruka mange timar på å fotografere dykk to åleine.

Det er fullt mogleg at eg som fotograf er med å dokumentarar festen, gleden og ikkje minst stemninga (og alle dei små augeblikka), utan at de skal ha ein lang fotoseanse for dykk sjølv. Det er også fullt mogleg å booke ein ekstra fotografering på ein anna dag. Dette har eg vore med på ved fleire høver og mange opplev dette som eit fint supplement til den store dagen.

Bryllaup i Sokndal


Tips nr. 3: Det er du som lagar reglane.

Alt for ofte planlegg me bryllaup ut i frå tradisjonar og forventningar, og ja det er kjempeflott!
Men, det er faktisk du som lagar reglane for ditt bryllaup, du må ingenting. Eg vil la det stå som mitt siste tips her i dag. Du bestem, kjenn deg fri til å lage ditt draumebryllaup – akkurat slik du vil ha det!

PS. Eg kan også anbefale deg å sjekka ut Blikkfangernes bryllaupsguide som eg har vore med å bidrege til, stappfull med mange tips.

Her kjem eit lite utval bileter frå året som har gått.

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  1. […] Er du klar for å få endå meir inspirasjon og tips? Konge! Då kan eg anbefale deg denne artikkelen, klikk her! […]