May 6, 2022

Tips til førebuingsbileter på bryllaupsdagen

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Korleis kan du få gode bileter på bryllaupsdagen? Du har kanskje ikkje tenkt over det, men tida før sjølve vigsla og festen er ein god anledning til å få fantastiske bileter. Denne stunda der du førebur deg og gjere deg klar gir oss mange moglegheiter. I det du du får på deg smykke eller øyredobbanne, for ikkje å snakke om når du ser deg sjølv i spegelen for første gang med brudekjolen på. Augeblikka er mange.

Det er så kjekt å væra med på å dokumentare denne delen av dagen, og det gir meg høve til å møte ein del av dei som skal væra med på sjølve dagen din før det heile startar. Nokon kan nok tenkje at det kan væra litt kleint å ha med seg ein fotograf på denne delen av dagen, men det som er så fint er at du blir trygg på å ha meg rundt som fotograf og slappar fort mykje raskare av.


Her er ei oppsumering av mine beste tips som skal gjere deg trygg på at du får mest mogleg ut i frå bileta ein tek på starten av bryllaupsdagen.

Ingen mobiltelefonar

Sjølv om gjestene dine kan føle at ting tek tid når du gjere deg klar og får håret ditt ordna, så anbefalar eg at alle legg vekk mobiltelefonen på denne delen av dagen. Sjølvsagt er det i orden å ta eit bilete eller to, men det er ganske krevjande som fotograf å ta gode bileter når alle sit og scrollar instagramfeeden sin.
Spør dei som skal væra med deg om ein kan ta ein liten pause frå mobiltelefonen, og eg trur at du vil oppleva at denne delen av dagen vil verta ganske så spesiell. Alle vil væra meir tilstades i nuet om dei let mobiltelefonen ligga i ro.

Den perfekte staden for å gjere seg klar

Tenk på kva type lokasjon du kunne tenkt deg for desse bilete på byrjinga av dagen. Viss du skal gifte deg på eit hotel, så vil nok rommet ditt mest truleg væra ein passande stad for desse bilete (så lenge me har godt lys og nok plass for alle til å bevega seg rundt på).
Eventuelt kan ein booke seg ein Airbnb som passer din smak og antall av personar som skal væra med.

Det viktigaste er at du ikkje vil enda opp med eit lite rom som gjer det strevsomt for alle å gjere seg klar på. Dess finare rom, dess finare vil bileta dine også sjå ut – så vurder å bruka litt ekstra peng eller meir tid på å finne den ideelle plassen for førebuingsbileta.

Følg med på lyset

Lyset spelar ein stor forskjell mellom fantastiske førebuingsbileter og dei som er heilt ok. For å få lyse og fine bileter, så vil du bruka eit rom som har masse lys. Til dømes vil eit rom med store glasruter hjelpe oss med dette. Så lenge du tenkjer på dette på førehand, så vil du væra i stand til å skapa ein fantastisk atmosfære for førebuingsbileta.

Hald rommet ryddig

Det er viktig å hugse på at førebuingsbileta vil væra ein del av dine bryllaupsbileter, noko som betyr at dei mest truleg vil havne i eit bryllaupsalbum delt med din familie og venner. Det betyr at du ikkje vil ha bileter som viser eit rotete rom når du førebur deg. Eg veit det kan væra krevjande å halde rommet ryddig når du har makeup, hårfønar, rette- og krølltang samt mange andre ting strødd utover. For ikkje å snakke om restar frå lunsjen. Men prøv å ha med i bakhovudet korleis desse tinga vil væra med på å prega bileta dine.

For å få generelt betre førebuingsbileter, så vil eg anbefale deg å spørje nokon som skal væra med (til dømes ein forlovar) om å ha eit ekstra auge på at ting er ryddig og på stell i tilfelle ting byrjar å flyte. Det vil kun ta nokre augeblikk å ordne ting til igjen, og bileta dine vil sjå fantastiske ut.

Pass på at alle er på tida

Du bør ha tydelig klokkeslett for når alle viktige ting skjer i løpet av dagen, dette gjeld også førebuingsdelen. Det betyr at alle veit eksakt når det er forventa at dei skal møta opp, inkludert når dei skal ordne makeup og hår. Det er meir utfordrande å ta gode førebuingsbileter når einskilde av dei som skal væra med, framleis ikkje er komme eller har mange andre oppgåver akkurat då.

Bonus tips

Tenk litt igjennom kva kle du og dei andre har på seg når ein skal gjere seg klar. Dette er ein god anledning til å få fine bileter av andre kler ein likar å ha på seg. 

Følg desse tipsa på korleis ein får gode førebuingsbileter til bryllaupet og albumet ditt vil væra fullt av fantastiske augeblikk frå førebuinga gjennom heile dagen til den siste dans.

Om du vil lesa meir om korleis tidsskjema for heile dagen bør sjå ut, så kan eg anbefale deg å lese denne bloggposten. Klikk her!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.