Oct 6, 2021

Kor mykje tid skal me sette av til sjølve fotograferinga?

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

3 faktorar

Kor mykje tid skal me sette av til sjølve fotograferinga?
Er det ein ting kommande brudepar spør meg om, så er det nemleg dette.
Det er fleire faktorar som spelar inn på dette, og eg vil utheva 3 av dei i denne bloggposten.

  1. Kva er viktig for deg?

    Ynskjer du deg først og fremst bilete av dykk to eller er familie og venner lika viktig å få dokumentert?
    Det er mogleg å legge opp til kortare sekvensar med fotografering av dykk to både før og etter vigsla, noko som fører til at de samla sett får meir tid ilag med dei som betyr mest for dykk. Alle bileta må ikkje skje etter vigsla, og om vigsla startar seint på dag – så kan man få lagt inn litt fotografering også i førekant.

  2. Lokasjonar.

    Tenkjer de å nytte lokasjonar for fotograferinga som ligg langt unna festlokal og vigselstad, så må ein også ta høgde for at dette også vil ta meir av tida. Det er lurt å prøve å legge opp til ein køyreplan der de i minst mulig grad må køyre mykje fram og tilbake, og ikkje minst at ein vel seg ut eit par lokasjonar på førehand og jobbar ut ifrå dei – då får man ei effektiv fotografering.

  3. Heildagsfotografering.

    Har du med meg som fotograf heile dagen slepp du i stor grad tenkje så mykje på at tida ikkje strekk til. Me legg opp til fotografering som legg til rette for dine ynskjer, og ikkje minst så blir alt mykje mykje meir fleksibelt. Me kan ta bileter før og/eller etter vigsla – eller alt på kvelden for den saks skuld.
    Viss det til dømes er dårleg vær på byrjinga av dagen, og fint vær først på ettermiddag/kveld så tilpassar me dette iforhold til programmet resten av dagen. For eg er jo med heile tida.

Korleis løyste Katrine og Eivind Daniel det?

I deiras bryllaup så tok me alle bileta i forkant av vigsla. Hagen til Katrine sin familie på Hjelmås vart staden både for vigsla og for fotograferinga av dei to.
Sjeldan har eg sett ei flottare ramme på ei utevegisla, og eg kunne ha skildra dette i det vie og breie, men her talar bileta nok for seg sjølv!

Gode ord

Vi er svært glade for at vi valgte Endre som vår bryllaupsfotograf. Han viste ei unik evne til å spele oss god gjennom denne dagen! Under vielsen og festen føltes han usynlig ut, samtidig som han fanga både store og små augneblikk på ein nydelig måte. I tillegg til å vere profesjonell og talentfull er endre veldig omgjengeleg og behageleg – vi anbefaler han på det sterkaste!

Katrine & Eivind Daniel

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  1. […] me skal gjere sjølve hovudfotograferinga. Då vurderar me alt ifrå kor mykje tid ein bør bruke (tidsbruk kan du lese meir om her), til kva som er praktisk lurt å ta hensyn til. Slik at me har ein […]