Mar 15, 2022

Ofte stilte spørsmål til bryllaupsfotografen

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Bryllaupsfotografering på Gamlehaugen, Bergen

Kva lurer du på?

Du har kanskje mange spørsmål til meg som bryllaupsfotograf liggande? Dont you worry! Her har eg samla ein del spørsmål som eg ser går igjen til meg som fotograf, og eg har i tillegg lagt til nokre spørsmål som du kanskje ikkje visste du lurte på. Uansett så håpar eg at du finn svar på det du lurar på, og er det nokre spørsmål du meiner burde ha vore med her? Gi meg ein lyd i kommentarfeltet nedanfor.

EG ELSKAR ARBEIDET DITT, KORLEIS KAN EG BOOKA DEG?

Takk! Så kjekt du tykkjer det 😉
Du bookar meg enkelt ved å fylla ut kontaktskjemaet mitt som du finn ved å klikke her! La oss komme i gang med planlegginga!

KVAR HELD DU TIL?

Eg bur i Sogndal kommune, i Vestland fylke. Men eg reiser kvar som helst for å fotografere bryllaupet ditt! Jorda rundt!

NÅR BØR ME BOOKA DEG?

Eg bookar som regel eit år fram i førevegen, så eg vil anbefale deg å ta kontakt med meg seinast eit år før bryllaupsdatoen for å sikra deg om at eg er tilgjengelig på din store dag.

Bryllaupsfotografering i Ørsta

KORLEIS HAR ANDRE BRUDEPAR OPPLEVD DEG SOM FOTOGRAF?

Dette er eit spørsmål som eg ikkje nødvendigvis får, men som eg reknar med er av interesse. Rundt omkring på nettsida mi ligg det ein del videointervju med tidlegare kundar som du kan sjå. Eit av dei finn du på framsida, så viss du sjå eit av dei med ein gang så kan du klikke her (du må scrolle litt ned på sida for å finne det).

ME PLANLEGG BRYLLAUP I UTLANDET, KAN DU TA TUREN?

Kofferten min er allereie pakka, så JA – meir enn gjerne! Bryllaupsfotografering i utlandet tykkjer eg er utruleg spennande, og eg har blant anna fotografert bryllaup i USA.

TILBYR DU FORLOVELSEFOTOGRAFERING?

Klart det! Dette er ei tilleggsteneste som du kan booke inn om du ynskjer det.
Om du ynskjer å sjå bileter frå ein forlovelsesfotografering eg hadde i Yosemite i California så kan du klikke her.

FINST DET NOKO ALTERNATIV TIL FOTOGRAFERING PÅ SJØLVE BRYLLAUPSDAGEN?

Ja, det gjer det. Eg har god erfaring med å fotografere bryllaupsbileter i etterkant av bryllaupet, og det er mange gode grunnar til å gjere det. Om du ynskjer å lese meir og sjå eit videointervju eg har gjort med nokon som gjorde dette, så kan du klikke her.

VIL DU HJELPA OSS MED Å FIKSA BRYLLAUPSALBUM OG PRINTS?

Klart det! Når du får levert bryllaupsbileta får du i tillegg ein personleg web-butikk der du kan bestille det du måtte ynskje av prints og bryllaupsalbum. Her snakkar me handlaga album av høg kvalitet, for ikkje å snakke om bomullsprints!

Bomullsprints – ein fint material til å printe ut bileta dine på.


EG HAR LYST PÅ EIN SNIKTITT, KAN DU ORDNE DETTE?

Klart det! Legg til tilleggstenesta “Sosial media pakke”, og du får tilsendt ein pakke med bileter frå dagen skreddarsydd for å dele med andre i løpet av 24 timar etter bryllaupet. Du kan lese meir om tilleggstenestene mine ved å klikke her.

ME ER IKKJE SÅ GLAD I Å BLI FOTOGRAFERT, KAN DU HJELPE OSS MED DET?

Tru det eller ei, dei fleste som tek kontakt med meg er ikkje glad i å bli fotografert. Mange kan kan fort kjenne på at dei er litt spente.

Du kan slappe heilt av!

Eg er veldig flink til å tilpasse fotograferinga på ein slik måte at du kjem til å oppleve dette som noko kjekt. Me planlegg fotograferinga godt på førehand, og eg tilpassar fotograferinga ut ifrå kva eg ser passar best for dykk.

KOR MYKJE TID TRENG ME TIL FOTOGRAFERINGA?

Dette er vel spørsmålet som eg får oftast. Opp mot 2 timar, alt ettersom kor mykje tid som går til å komme seg til og frå lokasjonar.

Viss det er kort veg mellom lokasjonane klarar me mykje på ein halvanna time, men er det store distansar er det lurt å legge opp til 2 timar. Viss ikkje portretta av dykk er det som de verdset høgast, men meir bileter av familiemedlemmar så brukar eg heller meir av tida på å fotografere augeblikk av dei. Eg tilpassar dette ditt behov.

KOR MANGE BILETER VIL EG FÅ?

Går du for heildagsfotografering kan du forvente deg omlag 500 bileter, som skildrar dagen dykkar frå morgon til kveld.  

Bryllaupsfotografering utanfor Bergen

KOR LENGE VIL DET TA FØR EG FÅR BILETA?

Det vil ta omlag 4 – 6 veker før du får bileta. Eg legg ned mykje arbeid i at dei skal væra så flotte som mogleg, noko som er grunnen til at dette tek tid. Om du ynskjer bileta raskare, kan du velge å legge til ekspress levering som eit tilvalg.

EG VIL IKKJE VENTA MANGE VEKER PÅ Å FÅ TILSENDT BILETA, SÅ KVA ER EKSPRESSLEVERING?

Dette er ei tillegsteneste som du kan legge til om ynskjeleg. Istadenfor å måtte vente opp mot 8 veker, treng det ikkje ta deg lenger enn 2 veker. Så istadenfor 56 dagar, så kan det skje på 14 dagar.

ME YNSKJER IKKJE BILETA VÅRE PÅ SOSIALE MEDIA

Det er dykkar bryllaup, og om de er ukomfortable med at bileter blir delt på sosiale media vil eg sjølvsagt respektera dette.

KVA SKJER OM DU MÅ KANSELLERA?

Dette har aldri skjedd før, og eg har ingen planar om det heller!
Men, i eit slikt tilfelle har eg eit stort nettverk av flinke fotografar som kan steppe inn. Dette er dyktige folk, som vil ta godt vare på deg!

HAR DU EIN NEDBETALINGSPLAN?

Ja, om du ynskjer det så kan me dele opp totalbeløpet på ein måte som passar deg. Gi beskjed, så ordnar me det. Ingen ekstra kostnad ved dette i form av renter eller liknande.

KVA SKJER OM EG MÅ KANSELLERA ELLER FLYTTA BOOKINGA?

Ting går ikkje alltid som planlagt. Den første betalinga er ikkje refunderbar. Denne betalinga er ein forsikring for mi verksemd til å holde det gåande også i dei tilfella det skjer ein kansellering.

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.