Aug 29, 2022

Loen Skylift: Bryllaupsbileter til fjells

Idyllisk.

Det er få ord som er meir passande for å beskriva Noreg. Frå soloppgang til evige solnedgangar om sommaren, frå fjelltoppar med snø til nordlys om vinteren, Noreg har alt. Med så mykje vakkert til disposisjon, og så utruleg mange fantastiske plassar å velga mellom, er sjølv prosessen med å planlegga bryllaup eit eventyr.
Kartlegga dei beste lokasjonane for å fanga dei ekte følelsane rundt denne heilt spesielle dagen, finna det beste lyset, dei rette vinklane, rett tid…

Kvar gong eg får anledning til å hjelpa til med eit eventyrleg bryllaup her i Noreg, gir det meg sjansen til å gjennoppdaga ein plass med nye auge. Difor gler eg meg til å bruka litt tid på å retta fokuset mot ein av mine favoritt destinasjonar: Loen Skylift.

Ei taubana til himmelen


Loen Skylift, som ligg innerst i Nordfjord, er ei av dei brattaste taubanene i verda – men den er så mykje meir enn det. Området i seg sjølv er eit eventyr som ventar på å skje, med fjell å utforska, zip-liner å ta og eit nytt perspektiv av Vestlandet. For ein bryllaupsfotograf er Loen ein drøymedestinasjon. Den kombinerar så mange naturlege underverk, vakker utsikt og imponerande opplevelsar på ein stad det ikkje er mangel på alternativ når det gjeld å skapa det perfekte bryllaupet.

Det er her eg bør ta ein pause og væra ærlig med deg. Uansett kva stad på Vestlandet du vel, så vil det væra ein draumesetting! Vestlandet er utan tvil ein av dei vakraste stadane i verda. Me har bygder som vært reflektert i vakre fjordar, og årstider som byr på eventyrlege opplevingar.

Det er ei av mine største gleder å kunne væra med på å hjelpa brudepara mine med å oppdaga alle underverka Vestlandet har å tilby – noko som burde fortelja deg kor spesiell Loen Skylift verkeleg er. Det er utruleg kva slags opplevelse du får når du først set foten på taubana og byrjar oppstiginga, glasvogna klatrar jamnt og trutt oppover for å ta deg til din eigen del av himmelen over 1000 moh.

Vel framme kan du få panoramautsikt medan du et på Hoven restaurant, før du tek ein av dei mange stiane som strekk seg ut over heile området. Det er ingen mangel på nydelig natur, noko som gjer stort sett kor som helst ein fantastisk stad for ei vigsla og utveksling av løfter. På eit bilete kan du ha ein perfekt solnedgang og ei snødekt fjellkjeda som bakgrunn utan så mykje som å gå 30 steg.

Eg kunne ha fortsett om mylderet av alternativ som bryllaupsfotografering på Loen Skylift gir, men la oss heller ta eit augeblikk å snakka om dei andre tinga du treng medan du nyt ditt eventyrlege bryllaup her på Vestlandet.

Det som går opp må komma ned

Medan Loen bokstavelig talt er siste stopp før himmelen, må me til slutt komma ned igjen. Etter ein fantastisk dag, vil du trenga ein stad for natta. Det er mange stadar å bu i området men på same måte som Loen Skylift, er det ein spesiell stad som alltid har skilt seg ut – eit av mine favoritthotell i Noreg. Alexandra Hotel, som ligg rett ved fjorden. Dei tilbyr åtte ulike romstilar å velge mellom, med alt frå koselege standard rom – til suiter med fleire rom, men det stoppar ikkje der.

Frå spaet på staden, til utandørsbassenget og innandørsbadet er dette ein stad kor avslapning er hovudtemaet. Du er i stand til å pusta og kobla deg til opplevinga på ein måte du ikkje ville ha vore i stand til utan den type fantastiske overnattingsstadar Alexandra tilbyr.

Det er ikkje alltid det lettaste, å føle at du berre kan lena deg tilbake og nyta. Uansett kor einkelt ein prøver å gjera det, er det fort gjort at sjansen til å gripa augeblikket forsvinn. Å ta seg tid, og verkeleg nyta opplevinga.

Det er det eg her for. Me tek oss tid til å kartlegga kvart stykke saman, frå å finne dei beste lokasjonane til å finna den rette tida til å fange det perfekte gylne lyset i bileta dine.

“One of the things that drew me to Endre’s photography was the genuine emotion he captured in his pictures. Endre can see and capture all of the love and joy in a candid moment, and knows how to bring that out in a brief pose. He helped my husband and I feel completely relaxed and comfortable to be ourselves, and the pictures he took are nothing short of amazing. Everyone who has seen our pictures has said that they are breathtaking, and they absolutely are. It’s all because of Endre, who is incredibly talented, empathetic, fun, and brilliant! I’ve often worried about pictures because I’m not exactly photogenic…but there was no reason to worry with Endre. I have never looked so lovely as I have in his pictures! Most importantly, he captured the beauty of an everyday moment with the person I love. I would recommend Endre to everyone who wants to capture breathtaking portraits of themselves and their loved ones, not only on their wedding day but everyday. Endre, you are amazing!”

Kyla & Brandon

Ingenting eg skriv her vil verkeleg fange den majestetiske opplevelsen av Loen. Det er noko du verkeleg må sjå, føla, høyra og oppleva sjølv. Det er her eg kjem inn. Eg er din lokale guide, ekspert og fotograf. Ta kontakt i dag, så kan me starte å planlegge din perfekte dag!

Sist men ikkje minst, ein stor takk må gå til det fantastiske samarbeidet med Promise Mountain.

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *