May 27, 2022

Frå Booking til Bryllaupsalbum

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Har du lurt litt på korleis prosessen er i frå du bookar bryllaupsfotograf til dagen kjem då du sit igjen med bileta frå bryllaupsdagen dykkar? Det er jo ikkje så merkelig, du har jo aldri gifta deg før. Mitt ynskje er at du skal få ein veldig fin oppleving av heile reisa, frå første kontakt. I denne bloggposten fortel eg om dei 7 stega frå du bookar meg som fotograf til du får bryllaupsalbumet.

01 LA OSS TREFFAST

Du har funne fram til meg som fotograf og ynskjer å finne meir ut av tenestene som eg tilbyr. Ingenting er betre då enn å treffast for ein prat. Dette kan me enten gjere i Sogndal her eg bur eller via Zoom. Då set me fokus på dykkar ynskjer for den store dagen, og korleis me kan legge opp fotograferinga slik at den blir på ein slik måte at de får mest mogleg ut av den. Ein anna ting som er veldig fint med å treffast er at du får ein opplevelse av korleis det vil væra å jobbe med meg. Du ser korleis eg gestikulerar, snakkar og generelt er. Dette er noko som eg er sikker på gjer at du også slappar meir av når eg møter opp på den store dagen, då kjenner du meg litt allereie.
PS. Det er ingen forpliktelsar til å booke meg sjølv om me tek ein prat. Eg ynskjer at du skal kjenne deg heilt komfortabel med å ta kontakt å få klarheit i alt du lurer på før ein booking. Om du er klar, er eg klar!

02 BOOKAR DATO

Etter at me har truffest sender eg over ein digital kontrakt som for gjennomlesing og signering. Etter signering sender eg over faktura på første delbetaling, når betalinga er moteke er datoen booka!

Eg bookar fortløpande og eit par år fram i tid, så det er lurt å få til ein avtale før det vert for seint.

03 PLANLEGGINGSMØTE

Når me nærmar oss datoen dykkar tek me oss eit nytt planleggingsmøte og går igjennom dagen dykkar i detalj med tanke på fotograferinga og avklarar det som trengst. Planlegging er noko som skjer over ein lengre tidsperiode, og eg ynskjer at du skal føle deg fri til å ta kontakt med meg både før og etter planleggingsmøte om det er ting som du lurer på eller treng innspel rundt. Eg er ikkje lenger enn ein e-post eller telefonsamtale unna 🙂

04 BRYLLAUPSDAGEN

Endelig er dagen din kommen, tippar du er spent!! Eg møter opp i god tid med godt humør, klar for å fotografera dagen dykkar utan å mista ein einaste bit av den. Til tider vil du nok gløyme heilt ut at eg er der å fotograferar, eg høyrer ofte at ein lurer på om eg har teke bileter i det heile teke. Då veit eg at eg har eg gjort jobben min, då har ikkje eg teke fokuset. Etter meir enn 100 bryllaup veit eg korleis ting fungerar optimalt. Alt i frå førebuingane der du pyntar deg og har på finstasen, vidare til vigsla og feiringa så vil eg jobba diskré i bakgrunnen og samla fantastiske augeblikk som du vil ha stor glede av. Ja, til og med dei augeblikka du ikkje fekk med deg. Eg vil heile tida følga med og sjå etter dei spesielle augeblikka.

05 SMUGTITT

Om de ynskjer å oppleva augeblikka kort tid etter bryllaupet er det mogleg å bestille ein smugtitt. Eg sender då eit knippe bileter frå dagen, maks 24 timar etter bryllaupet i eit fint webgalleri klar til å delast med familie, venner og på sosiale medier.
..og har du ikkje lyst til å venta meir enn nødvendig med tanke på alle bileta dine, så har du også høve til å legge inn ekspresslevering. Då er det slik at ventetida på å få levert alle bileta dine går i frå 8 veker ned til 2 veker, frå 56 dagar til 14 dagar. Dette legg du enkelt til som eit valfritt tillegg etter at du har booka meg.

06 DU FÅR E-POST

Hald av kvelden, finn fram den største skjermen i huset og gå inn på dykkar digitale webgalleri som de får tilsendt. Webgalleriet kan du dele med familie og venner slik du ynskjer. I webgalleriet er det ein integrert nettbutikk der du også har høve til å bestille nydelige bomullsprints og ikkje minst staden der du designar album.

07 ALBUM DESIGN

Om ein går for ein pakke der album er inkludert går me kort tid etter levering av bileta i gang med å designa albumet dykkar der me passar på å få med alle favorittbileta. Du vel ut kva bileter du må ha i albumet og er du usikker på kor du skal starte eller tykkjer det er vanskelig å bestemme, så hjelper eg meir enn gjerne til! Papirkvaliteten er fantastisk og eg tilbyr album som gjer det mogleg å printe eit enkeltståande bilete utover to sider utan at det vært øydelagt av ei linje i midten. Det betyr at me kan printe ut på heile sider utan å mista noko som helst av bilete!
Nemnte eg forresten at albuma er handlaga? Albuma kjem virkelig til sin rett når du får sette deg ned og bla i det, det er verkeleg ein heilt fantastisk opplevelse!

Dette er ein skatt som skal bli delt med mange i åra som kjem! Eit album er også veldig fint å gi i gåve til foreldre, familie og venner. Du kan bestille album i ulike dimensjonar og typar.

Er du klar for å gjere det offisielt?

Kunne du tenkje deg å ha meg med som din bryllaupsfotograf så ta kontakt i dag! Eg svarar deg i løpet av 24 timar.

La oss starta planlegginga, trykk her for å komme til kontaktskjema!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.