Nov 15, 2021

Kvar skal du ta dine bryllaupsbileter?

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Er du usikker på kor du skal ta bryllaupsbileta dine?
Det er fleire ting å ta i betrakning når du skal finne fram til ein god lokasjon for bileta.

Vel ut ein lokasjon som betyr noko for deg!

Som med alle andre ting som angår bryllaupet ditt, kva betyr noko for deg?
Kanskje poppar ideane om valg av lokasjon opp med ein gong?
Eg vil isåfall oppmuntre deg til å gå vidare på dei ideane før du eventuelt startar å spørje andre til råds.
Kanskje er det eit område du tenkjer på der du pleier å gå turar,
eller kanskje det er ein stad som du har mange gode minner i frå?

Mange kan kjenne på at dei er usikre på at dei stadane som dei har valgt seg ut fungerar bra som lokasjonar.
Eit brudepar eg fotograferte for fleire år tilbake var veldig spent på om eg kom til å like område.
For å presissera det med ein gong, viss du likar lokasjonen så er det faktisk det viktigaste.
Det skal veldig mykje til for at ikkje kan bruka omgivelsane til å ta fantastiske bileter av dykk.
Det skjer faktisk ikkje.

Det viktigaste er ikkje kor me er, men kva me gjer!

Eg har fotografert på lokasjonar med alt frå gamle bunkera til nedlagte industriområde.
Alt har sin sjarm! Det fantastiske med fotografering er at det er noko kreativt.
Så når det gjeld til bileta me tek, så er det eigentleg berre fantasien som set grenser for kva me kan få til.

Når de bookar meg som bryllaupsfotograf så legg me opp ein plan for fotograferinga av heile dagen.
Me ser også på korleis me skal gjere sjølve hovudfotograferinga.
Då vurderar me alt ifrå kor mykje tid ein bør bruke (tidsbruk kan du lese meir om her),
til kva som er praktisk lurt å ta hensyn til. Slik at me har ein plan.

Våtedalen – Sunnfjord kommune

Våtedalen er ein fantastisk lokasjon mellom Skei og Byrkjelo i Sunnfjord kommune.
Dette er eit dalføre eg har hatt lyst til å fotografere i lenge. Ofte har eg undra meg over at eg ikkje har sett bryllaupsbileter der i frå, for det er eit heilt fantastisk område!

Booke ein ekstra bryllaupsfotografering? 3 gode grunnar

Jeanette og Jan-Reidar tok bryllaupsbileta sine eit godt år etter sjølve bryllaupsdagen sin,
og me hadde ein utruleg kjekk kveld med fotografering.
Vurderar du fotografering ein anna dag enn sjølve bryllaupsdagen?
Det er mange gode grunnar til det!

Nr. 1: Du har all verdens tid, det er ingenting du må rekke.
Nr. 2: Solnedgangsbilete du har lyst på er innanfor rekkevidde!
Nr. 3 Du kan ta bileta frå ein fjelltopp! – sjå her korleis Ingelin og Håvard gjorde det.


Gode ord

Endre Hilleren er en utrolig dyktig fotograf!
Han skapte en avslappet stemning under fotoshooten
og kom med gode innspill til poseturer underveis.
Veldig greit for oss ikke-modeller som ønsker fine bryllupsbilder 😀
Og ikke minst så ble jo resultatet amazing!
Anbefales på det varmeste 🙂

Jeanette og Jan-Reidar


Kva tenkjer du?

La meg få høyre kva du tenkjer er viktig når det kjem til valg av lokasjon i kommentarfeltet nedanfor!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.