Arboretet er ein vakker og frodig stad, kjend for sin imponerande plantesamling og ikkje minst Noregs største rosesamling. Her kan du vandra mellom hundrevis av fargerike blomar og majestetiske tre, noko som gjer området til eit eldorado for fotografar. Dei varierte omgjevnadene skaper ei unik ramme for bilete, anten du ynskjer dramatiske kontrastar eller mjuke, romantiske fargar i bakgrunnen.
Musikkpaviljongen i Byparken er ein sjarmerande og praktisk stad for fotografering, spesielt om vêret skulle by på ei regnbyge. Dei vakre detaljane i paviljongen, kombinert med den sentrale plasseringa, gjev mange moglegheiter for stilfulle bilete. I tillegg finn du dei ikoniske brusteinsgatene i Bergen like ved – her fungerer alt frå gamle murveggar til klassiske bygardar som perfekte kulissar for stemningsfulle bilete.
Gamlehaugen, kongens residens i Bergen, er ein av dei mest majestetiske stadene du kan velja for bryllaupsfotografering. Den imponerande alléen, dei vakkert utforma hagane og det staselege slottet skapar ei eventyrleg stemning. Her finn du både vakre, opne område og intime, grøne lundar, noko som gjev stor variasjon i bileta.
For dei som ynskjer endå meir natur, sjølv om ein er i sentrale delar av Bergen, kan ein ta turen opp til Ulriken. Her får du spektakulær utsikt over byen, fjorden og dei vakre fjellområda rundt. Dei dramatiske landskapa, kombinerte med frisk fjelluft og ei fantastisk stemning, gir ei unik ramme for bileta dine. Dersom du vil sjå bilete og få inspirasjon til korleis bryllaupsbileta kan sjå ut på Ulriken, kan du klikke deg vidare inn her.
Vis
Kommentar
/