Oct 19, 2023

Bryllaup på Ulriken

Bryllaup på Ulriken – den perfekte kulissa for ein minneverdig dag

Drøymer du om eit bryllaup som skil seg ut frå mengden? Er du glad i natur og fjell? Då kan Ulriken i Bergen væra den perfekte lokasjonen for deg. Med sin majestetiske utsikt over byen og dei omkringliggande fjella, tilbyr Ulriken ein unik og spektakulær setting.

For Fabia og Lars Thomas vart Ulriken i Bergen eit naturleg valg. Ikkje berre blei dei kjende med kvarandre når dei tidlegare budde i byen, dei er også veldig glad i naturen. Fjellfolk med andre ord!

Utandørs vigsla/sermoni

Når du vel å feira bryllaup på Ulriken får du ikkje berre ei fantastisk utsikt, men også høve til å skapa uforgløymelege bryllaupsbileter.
Med eit utruleg flott område, kombinert med den moderne atmosfære med restaurant Skyskraperen på fjelltoppen gir det deg eit perfekt utgangspunktet for bileter som varer livet ut.

Enten du ynskjer portrett i solnedgang over Bergen eller kun ha naturen rundt i fokus får me til begge deler på Ulriken. You name it, we got it! 😉 

Det er mange flotte kyrkjer i Bergen, men du kan altså gjennomføra seremonien utandørs. Til dømes slik som Fabia og Lars Thomas gjorde det på takplatået like ved Ulriksmasta. Her får ein flotte kulissar ved Ulrikens topp, fjella heilt til Hardanger eller utsikt mot Fana, Sandsli og til og med Fitjar på ein klar dag! 

Gode ord

Vi kan virkelig bare anbefale Endre på det varmeste som bryllupsfotograf. Ikke bare tok han de nydeligste bildene av oss på dagen vår. Han var også veldig ryddig i dialogen før bryllupet og fulgte opp og leverte akkurat som lovet. På selve dagen oppleve vi ham som utrolig sympatisk og lett å ha med å gjøre slik at vi fort ble trygge og koste oss med billedtaking, selv om ingen av oss hadde gjort den slags før. Han jobbet diskret i bakgrunnen og klarte å fange små øyeblikk, detaljer og følelser som jeg ikke trodde gikk an å vise på et enkelt bilde. Hadde definitivt bedt ham igjen om vi hadde hatt en annen anledning til å bruke ham som fotograf!

Fabia & Lars Thomas

Restaurant Skyskraperen

Restauranten Skyskraperen på Ulriken er heilt perfekt for den store dagen. Heilt på kanten av stupet på Ulriken med glasruter frå golv til tak får du ei nydeleg utsikt over vidden, Bergen by, fjell og sjø.

Praktiske opplysningar

  • Antall til bords: 120 personar innandørs på restaurant Skyskraperen
  • Fantastisk utsikt over Bergen by
  • Moglegheit for utandørs vigsla
  • Ulriksbana går kontinuerleg ca kvart 15 minutt i åpningstida i lågsesong og kvart 5 minutt i høgsesongen. Den har ikkje bookbare faste avgangstider. 
  • Parker i sentrum og ta Ulriksbussen frå Torgallmenningen 1A, kvart 30 minutt kvar dag mellom 09:00 – 18:30

Mine 5 beste tips til Bryllaupsbileter på Ulriken

Eg har fotografert bryllaup på Ulriken, og her er nokre av mine beste tips:

  1. Utnytt moglegheit til å ha ei personleg vigsla utandørs, og dermed samme stad som festen. Du sparar masse tid på reise og logistikk, og gjestene får ein enda betre opplevelse når ikkje dagen blir så oppstykka.
  2. Ulriken byr på fantastiske moglegheiter når det kjem til bryllaupsbileter. Været kan snu raskt i høgda, så legg til rette for å kunne gå ut å ta bileter når været er bra, det kan fort bli tåke. 
  3. Ta med matchande paraplyar i tilfelle mindre optimale værmeldingar.
  4. Utnytt lyset! Regnvær kan skapa mjukt og diffust lys noko som gir eit unikt uttrykk på bileta dine.
  5. Vær spontan! Bergensvær kan væra ubestemmeleg, Så vær open for ein spontan fotoshoot, og at alt ikke går 100% etter planen. Stikk ut under ein pause, du treng ikke gå meir enn 10 meter før du får den utsikta! Nokre av dei beste bileta oppstår når man minst ventar det. 

Er du klar for bryllaup på Ulriken? Ta kontakt i dag (klikk her), og la oss komme i gang med planlegginga!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *