Oct 21, 2021

Kva er viktig for deg? Bryllaup i Sandane – Gloppen kommune

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Kva er viktig for deg når du skal planlegge bryllaupet ditt?

For nokon er det at ein har tid til å væra saman med alle gjestene viktigare enn at det er den største og flottaste bryllaupskaka. For andre er det viktig at bryllaupsmiddagen smakar fantastisk, og ikkje fullt så nøye korleis lokalet ser ut. Me har alle ulike ting me verdset, og ulike ting me prioriterar.

Før du går i gang med å planlegge ditt bryllaup, vil eg utfordre deg til å stille deg dette spørsmålet:
Kva er viktig for deg? Dette gjer at ein i mykje større grad klarar å navigere rundt i alle dei moglegheitane ein har
og alle ideane ein kan komme over. For det er mange.

Ikkje samanlikn

Det er fort gjort at ein går inn i eit tankesett som går ut på at ein samanliknar alt ein planlegg med det som ein ser har vore gjort av andre, og ein ubevisst går i gang med å planlegge ting som eigentleg ikkje er viktig for ein.
Er du eigentleg så oppteken av kva bil de køyrer med i frå kyrkja? Likar du eigentleg bløtkaka? Lista kan gå ganske så mykje lenger. 

Eg er her for å minne deg på at dette ikkje er dagen for å etterstreba alle forventningar og krav som ein ubevisst set til seg sjølv. Dette er dagen for å feira kjærleiken, og det som ligg føre. Så la bileta frå Solveig og Petter sitt flotte bryllaup i Sandane i Gloppen kommune væra til inspirasjon, og set så ditt unike preg på din dag. Bryllaupslokal Gloppen Hotell

Gode ord

Vi er så takknemlige for at vi valde Endre som vår bryllupsfotograf.
Han foreviga vår store dag med fantastiske bilder.
Endre er ein dyktig fotograf med auge for detaljar og ei evne til å fange dei riktige augeblikka.
Vi vil anbefale han på det varmaste!

Solveig & Petter


EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.