Oct 30, 2022

Slik planlegg du bryllaupsfotografering i Lofoten

Bryllaupsfotografering i Lofoten

Det er vanskeleg å beskriva kor fascinert eg er av mitt eige heimland Noreg. Sjølv om det er så utruleg mange flotte stadar her på Vestlandet som eg kunne ha skrive mykje om, vil eg no sette kompasskursen mot nord og fokusera på Lofoten. Lofoten består av seks separate øyer, ikkje sålangt frå polarsirkelen, noko som gjer det til ein veldig unik plass. Terrenget i Lofoten samsvarar med det du forventar deg, majestetiske fjell og eit landskap som har evna til å forbløffa deg for kvar sving du tek medan du cruisar rundt.

Frå Singapore til Lofoten

I September tok eg turen til Lofoten i lag med CY og Wei som hadde reist ein smule leinger enn meg. Dei hadde teke turen heilt i frå Singapore, for å bli fotografert her til lands. Dette seier noko om kor utruleg flott land me bur i, at menneskjer er villige til å reise jorda rundt for å oppleve det me har. For ein Sogndøl er ein tur til Lofoten også ganske så spektakulært, sjølv om eg er over gjennomsnittet eksponert med nydelig utsikt. To dagar med mykje fotografering i nydelige haustfargar har resultert i at eg no sit på endå meir erfaring rundt Lofoten, og som eg har lyst til å dele med deg her.

Leknes, eit godt utgangspunkt

Lofoten er ganske stort, 200 km tek det deg å køyre om du skal komme deg frå vest til aust. Medan kvar øy har sin eigen sjarm og karakter, vil eg anbefale deg å sjå nærare på øya Leknes. Ikkje berre gjere Leknes ting einklare for deg og reisa di (du kan fly inn til Leknes, i motsetning til dei andre øyene), men sjølve øya har også mykje å tilby. Leknes er heimen til mykje historie. Det er framleis smedar som jobbar på gamle måten her, fiskelandsbyar fulle av menneskjer som arbeider på same land (eller hav) som deiras forfedre gjorde. Det er nydelige fjellkjeder med spektakulær utsikt, tilsynelatande uberørt av menneskjer. For ikkje å snakka om verdens største korallrev, havkajakkpadling ei rekke fotturar tilgjengelig i det du set foten din på øya.

Alt dette utgjer meir enn ein fantastisk ferie, det er den ideelle staden for dine bryllaupsbileter. Men av dei viktigaste tinga å tenkjer på FØR me vel ut dei beste plassane for å få majestetiske bileter er korleis du pakkar for turen.

Kva skal du pakke for ein tur til Lofoten?

Normalt ville eg ikkje fortalt deg kva du skal ha på deg, men i dette tilfellet tenkjer eg det er viktig å gi deg beskjed. Lofoten er ein vakker stad, men det er også kaldt, nokre ganger litt tåkete, og nokre gonger litt regn. Lofoten er ein stad der fjellstølvlar vil bli ansett som eit smart motevalg og ein god, varm jakke er eit absolutt must. Ikkje berre til vinter, men også til vår og haust.

Men ikkje la deg bli skremt av litt uforutsigbart vær. Bileta me kjem til å ta blir intet mindre enn fantastiske, for mykje handlar faktisk om tankesettet. Tilnærminga. Måten me ser på landskapet og formar det etter våre behov. Å finna det vakre når været står på som mest, let oss få mirakuløse augeblikk! Så lenge me går inn med den tankegangen, er været ein lett match for oss!

No med både dei rette klerna og ikkje minst eit godt tankesett kan me ta neste steg å sjå nærare på ein fantastisk fjelltopp; Glomstinden.

Glomstinden

Glomstinden gir deg ei fantastisk utsikt som vil setta den rette tonen for fotograferinga, og du vil nok bli ganske overraska over kor lett tilgjengeleg den er. Noko som betyr at me ikkje treng å væra noko veldig erfaren turgåar for å oppnå det den har å by på. Turen opp tek deg om lag ein time, og byr på mange fine lokasjonar på vegen opp. Ein treng heller ikkje å gå heilt opp, for å kunne oppleve utsikta og det majestetiske landskapet som omkransar toppen. Kombiner fjellturen med eit stopp innom Lystøperiet i Henningsvær og du har ein heilaften! 😉

Uavhengig av årstid, gir nydelige Glomstinden oss mykje. Dette betyr at du kan planlegga reisa di til Lofoten når som helst på året. Berre syt for å kle deg godt.

Eg har allereie pakka sekken min og ventar.

Kvifor du kjem til å elska Lofoten

Lofoten er ein så spesiell plass av Norege, postkortmotiva kjem på rad og rekke, og byr fram noko heilt særeige kvar gang du er der. Difor trur eg heilhjerta at du kjem til å elska oppdagelsesferd i Lofoten saman med meg, og ikkje nok med det – du kjem til å få heilt fantastiske bileter!

Nokre gode ord frå CY og Wei:

We engaged Endre to take some nice photos of us on our holiday in beautiful Lofoten and we are extremely happy with his service. Endre is just full of energy – we felt like we were on a road trip with a friend! I appreciated that he was very flexible and goes with the flow, especially in a season where the weather is notoriously unpredictable. Also, even though we were from different countries and never met before, Endre was able to connect well with us and bring out our best for the photos. I highly recommend you engage him too!
——-
Me engasjerte Endre til å ta nokre fine bileter av oss på vår ferie i vakre Lofoten og me er kjempenøgde med servicen hans. Endre er berre full av energi – me følte at me var på biltur med ein venn! Eg satte pris på at han var veldig fleksibel og tilpasningsdyktig, spesielt i ei årstid der været er notorisk uforutsigbart. Sjølv om me var frå ulike land og aldri har truffes, klarte Endre å få god kontakt med oss ​​og få fram vårt beste for bileta. Eg anbefalar på det sterkaste at du engasjerar ham også!

Kjenner du på eventyrlysta?

Om du er klar for å starte planlegginga av ein tur til Lofoten med meg, eller rett og slett berre har nokre spørsmål så er det berre til å ta kontakt med å klikka her. Ser fram til å reisa på oppdagelsesferd i Lofoten med deg!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *