Feb 23, 2022

Bryllaupsbileter på ein kvardag

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

Det skjer kvart år. På denne tida må eg omtrentleg takke nei til henvendelsar eg får til å fotografere bryllaup kvar veke då eg allereie er booka på datoen. Som bryllaupsfotograf blir eg som regel booka eit år i førevegen, og sjangsen for at eg allereie er booka er difor stor. Det å måtte sei nei til oppdrag tykkjer eg først og fremst er kjedelig, då dette er noko eg har slik ei stor glede i. Eg ynskjer ikkje at du skal møte ein fullbooka bryllaupsfotograf, så kva om me kunne forandre dette? Kva med å ta bryllaupsbileter på ein kvardag?

Videointervju

Eg tenkte at dette er eit såpass spennande tema at eg ville lage til eit videointervju der me snakka om dette temaet. Du finn denne videoen lenger ned i bloggposten.

Bryllaupsbileter på ein kvardag?

Men kva om du og eg kunne forandra dette? For det er jo ikkje slik at eg er fullbooka alle dei andre vekedagane. Er det slik at bryllaupsbileta må væra på ein laurdag? Kven er det som har bestemt det? Nokre år med pandemi har vist at me kan tenkje nytt rundt bryllaup og ikkje minst rundt fotograferinga.
Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko tenkjer eg, og er det noko eg har erfart så er det at mine brudepar har utruleg mange kreative forslag som gjer at bryllaupsbileta virkelig har blitt alt anna enn tradisjonelle.

Kan me tenka nytt?

Så når då eg allereie er booka på datoen dykkar, kva med å tenkje nytt? Eg har full forståelse for at det er noko som kan virka som litt skummelt. Ein vil jo helst gjere det slik alle andre gjer det, og det er vel noko menneskelig i oss som seier at det er tryggast å følga straumen. Min erfaring er utelukkandes positiv ved det å gå motstraums, og i dag så har eg lyst til å utfordre deg til å ikkje berre tenke nytt, men faktisk gå for det du vil og ikkje det du tenkjer at er forventa av deg. Eg har sagt det tidlegare, og seier det igjen – bryllaupsdagen er faktisk din dag. Det er du som set regien på den, ingen andre. Så i dag har eg lyst til å fortelje deg ein historie om to som gjorde akkurat slik som dei sjølv ville.

Jeanette & Jan Reidar gjorde eit utradisjonelt valg

Jeanette og Jan Reidar er eit av dei brudepara som gjorde det nokon vil kalle eit utradisjonelt valg. Dei bestemte seg for å ta bileta på ein anna dag enn sjølve bryllaupsdagen. Me diskuterte ulike valg av lokasjonar og gjekk til slutt for eit fantastisk dalføre som heiter Våtedalen. Her har du fantastisk natur i alle himmelretningane. Våtedalen er ein fantastisk lokasjon mellom Skei og Byrkjelo i Sunnfjord kommune. Dette er eit dalføre eg har hatt lyst til å fotografere i lenge. Ofte har eg undra meg over at eg ikkje har sett bryllaupsbileter der i frå, for det er eit heilt fantastisk område! Det fine med denne lokasjonen er at den heller ikkje er langt vekke frå Utvikfjellet der me endte opp med å ta bileter i solnedgangen. Ein fantastisk kveld med ein ting i fokus, ekte, levande og nære bileter av to fantastiske personar!

La oss starte planlegginga!

Likar du ideén? La det ikkje stoppe her. Ynskjer du å ta ein liten idémyldring rundt tanken, så finn me eit tidspunkt for dette der me ser på det du måtte lure på. Om du berre likar idéen men ikkje har så mange tankar sjølv, så har eg mange gode forslag til val av lokasjonar og eg er heller ikkje framand for å reise land og strand for å realisera ditt ynskje! Slike prosjekt tykkjer eg er utruleg spennande og er noko som innspirerar i stor grad. Så vil du ha ein god unskyldning for å verkelegjere dei ideane som du har er dette den perfekte anledning!

Ta kontakt!

At du er nøgd er viktig for meg. Det er ingen forpliktelsar til å booke meg sjølv om me tek ein prat. Eg ynskjer at du skal kjenne deg heilt komfortabel med å ta kontakt å få klarheit i alt du lurer på før ein booking. Om du er klar, er eg klar!

Ta kontakt!

3 gode poeng frå videoen

1. Val av lokasjon

Fleire moglegheiter når det kjem til valg av lokasjon, ja du står faktisk heilt fritt til å velge kvar det skal skje. Ein er ikkje begrensa til området der ein skal gifte seg. Har du til dømes ein fjelltopp som du har drøymt om så er dette absolutt mogleg!


2. Tidspress


Tidspresset som mange kan kjenne på, kan ein sjå heilt vekk i frå viss ein går for denne løysinga. Her er det ingen gjester som ventar på at de skal gjera dykk ferdige med fotograferinga, og det er heller ingen andre ting som ein må rekke. Her brukar me den tida me treng for å få resultate du ynskjer.


3. Tidspunkt på dagen


Tanken om bileter i solnedgang er det mange som har, men det er ikkje alltid lika enkelt å få til på bryllaupsdagen av ulike grunnar. Er dette noko du ynskjer, så er det ikkje verre enn at me planlegg tidspunkt for fotograferinga ut i frå akkurat dette. Og ikkje nok med det, når ein først har bestemt seg for å ta bileta på ein anna dag enn sjølve bryllaupsdagen så kan ein virkelig planlegge etter værmeldinga!

Ein siste ting!

Du har kanskje allereie booka inn fotograf til den store dagen, det betyr ikkje at me ikkje kan reisa på eventyr til spennande lokasjonar ein anna dag i tillegg! Har du til dømes ein draum om å ta bileter i Lofoten? Eller på eit Italiensk slott? Pakk kofferten, eg stiller!


Sjå heile intervjuet her:

Gode ord frå Jeanette & Jan Reidar

Endre Hilleren er en utrolig dyktig fotograf!
Han skapte en avslappet stemning under fotoshooten
og kom med gode innspill til poseturer underveis.
Veldig greit for oss ikke-modeller som ønsker fine bryllupsbilder 😀
Og ikke minst så ble jo resultatet amazing!
Anbefales på det varmeste 🙂

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  1. […] Ja, det gjer det. Eg har god erfaring med å fotografere bryllaupsbileter i etterkant av bryllaupet, og det er mange gode grunnar til å gjere det. Om du ynskjer å lese meir og sjå eit videointervju eg har gjort med nokon som gjorde dette, så kan du klikke her. […]