Aug 18, 2021

Bryllaup langs Sognefjorden

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren


Ting går ikkje alltid som planlagt

Ingelin og Håvard hadde planar om bryllaup på Finse med både familie og venner, men endte opp med ei heilt anna løysing. Kontrasten var slik sett stor då ein gjekk frå eit bryllaup som skulle væra i fjellheimen, til at me endte opp med ei vigsla som fant stad i ein seglbåt på Sognefjorden. Men for ein fantastisk måte å løyse det på!
Balestrand vart destinasjonen for eventyret, og eg vil for alltid hugsa denne dagen veldig godt.

Ingelin og Håvard måtte som mange andre som har gjennomført bryllaup i 2021 tenkt nytt rundt feiringa av bryllaupet.
Om du planlegg stort eller lite bryllaup, så er uansett Balestrand ein fantastisk destinasjon for dykkar feiring. Her har du fantastisk natur og unike moglegheiter for ei flott ramme rundt dagen.

Ciderhuset var staden denne dagen for god mat og ikke minst fantastisk utsikt utover Sognefjorden. Serveringsstaden har ein fantastisk beliggenheit mellom eplerankar og skikkeleg fjord idyll. På eit tidspunkt kjente eg nærast på at eg var på ei sydhavsøy, men tenk – eg var framleis heime i vakre Sogn. Ps: gløym ikkje å få med deg slideshowet frå dagen! 🙂


Fjelltur med magisk kveldssol


Etter nokre minnerike timar ute på fjorden og på Ciderhuset, sat me kursen mot Tjugatoten. Dette er ein fjelltopp i Balestrand med utsikt i særklasse. Brudekjole og dress vart fint nedpakka og erstatta med turkleder, vel framme vart det igjen skifte og me fekk gjennomført ei fotografering i nydeleg kveldssol. Det er noko heilt spesielt og magisk å stå på toppen av ein fjelltopp i kveldssol og få moglegheiten til å fotografere eit brudepar. Eg kjenner meg heldig og priviligært som fekk anledning til å gjere dette.

Ingelin og Håvard: Tusen takk for at dei de er, takk for at de tok imot meg på ein slik fin måte, takk for at de blei med på alle ideane mine rundt fotograferinga og ikkje minst at de valgte å ha meg med. Tusen takk! 

Gode ord


Me kan absolutt anbefala Endre! Endre strakk seg lengre enn langt for at dagen vår skulle bli perfekt, og for at bildene frå dagen skulle bli perfekte. Og da blei dei så absolutt! I tillegg til å ta heilt fantastiske bilder, er Endre ein herlig fyr som gjer da veldig lett å bli tatt bilder av. Han fekk oss til å slappa av og kosa oss forann kamera, og derfor fekk me også heilt magiske bilder! Så tusen tusen takk Endre, for at du var med på vår store dag og foreviga den!

Ingelin & Håvard

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  1. […] Jeanette og Jan-Reidar tok bryllaupsbileta sine eit godt år etter sjølve bryllaupsdagen sin, og me hadde ein utruleg kjekk kveld med fotografering. Vurderar du fotografering ein anna dag enn sjølve bryllaupsdagen? Det er mange gode grunnar til det!Nr. 1: Du har all verdens tid, det er ingenting du må rekke. Nr. 2: Solnedgangsbilete du har lyst på er innanfor rekkevidde!Nr. 3 Du kan ta bileta frå ein fjelltopp! – sjå her korleis Ingelin og Håvard gjorde det. […]