Jan 18, 2019

Ann Helen & Stephen – bryllaup i Luster

EKTE, Levande og Nære DEG & Din

Endre Hilleren

For ein dag og for ei ramme som var på Ann Helen og Stephen sitt bryllaup! Vigsla i Dale kyrkje, ei kyrkje med utruleg mange flotte detaljar, fotografering på Mollandsmarki og feiring på Tørvis Hotell i Marifjøra. Som om det ikkje var nok, så var det oppå det heile eit krunebryllaup!
Tusen takk Ann Helen og Stephen for ein minnerik dag!

Gode ord

“Vi gifta oss 11. august 2018 med Endre på slep for å dokumentere ein intens og vill dag! Det er ingen av oss som er særleg glade i å bli tatt bilete av og vi føler oss ofte litt sjenerte og keitete med eit kamera i nærleiken. Men vi merka med ein gong vi traff Endre at det ville gå bra å ha han med. Roleg, interessert og alltid med auge for eit godt motiv fulgte han oss heile dagen, frå kakepyningt til busstur med alle gjestene og ein tur i Mollandsmarki for å ta bilete med den fantastiske utsikta. Vi følte oss raskt avslappa rundt Endre og var trygge på arbeidet hans. Slik fekk vi massevis av stemningsfulle og nydelege bilete av både gjester, brudepar og omgjevnadane. Alt vi ynskte oss. Aller best likar vi bileta der vi ikkje visste at Endre observerte og knipsa.”

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  1. […] I blant får eg førespurnader litt utover det vanlege, dette er ein av dei. På seinsommeren fekk eg på anbefaling av fotograf Jan Ivar Vik (tusen takk!!), ein e-post frå Monica og Kim som kunne fortelje meg om nokre veldig artige bryllaupsplanar.Monica har familie frå Luster noko som førte til at kommunen blei eit naturleg utgangspunkt for bryllaupet dei planla, men det som gjorde det heile så ekstraordinært var at dei ville ta vigsla høgt til fjells. Så plutseleg sat eg der i eit helikopteret med retning Grånosi, fjelltoppen som Monica og Kim hadde valgt seg ut for anledninga.Alter og kyrkjegolv som eg er godt vand med vart denne dagen skifta ut med fjell- og fjordutsikt. Været er ein generelt veldig oppteken av når det kjem til bryllaup, og det vart jo eit ekstra spennande moment denne dagen.Litt skiftande vær sat verken noko stoppar for vigsla eller fotograferinga, og igjen fekk eg erfare at det meste går så lenge ein er innstilt på det. Etter ein fin seanse på fjellet sat brudefølget kursen mot Tørvis hotell der eg takka for meg. Eg kjenner meg privilegert som fekk vera med på ein slik dag og det er framleis litt surrealistisk å tenkje attende på dette.Tusen takk Monica og Kim for at eg fekk væra med som fotograf, og ikkje minst fordi at de våga å tenkje utanfor dei normale rammene! :DPs. Vurderar du Tørvis som ditt festlokale i anledning bryllaup? Sjå gjerne fleire bileter frå sist gong eg var der:https://www.hillerenfoto.no/ann-helen-stephen-bryllaup-i-luster/ […]