Nokre drøymer om å feire bryllaup i Hardanger, andre om å fotografere det. Heilt i byrjinga av september fekk eg ta turen til Hardanger for å fotografere bryllaupet til Nina og Thomas. Vigsla fann stad i Ullensvang kyrkje på Lofthus, medan sjølve festen var lagt til Brakanes hotel i Ulvik. På mange måtar følte eg meg som på heimebane med eplehagar og bratte skråningar, samstundes så var det mange nye stadar for meg. Veldig kjekt!
Tusen takk Nina og Thomas for at de hadde lyst å ha meg med som dykkar fotograf!
Vis
Kommentar
/