Drøymer de om bryllaup i Italia eller Frankrike? Her er inspirasjon og tips til dykk som vurderer destinasjonsbryllup

Å gifta seg i utlandet har blitt stadig meir populært blant norske par. Kanskje de ser føre dykk eit bryllaup mellom olivenlunder i Italia, eller eit romantisk slott i Frankrike? Eg har sjølv fått oppleva kor spesielt og stemningsfullt eit destinasjonsbryllaup kan vere då eg fotograferte eit bryllaup på eit fransk slott – og no ønskjer eg å gjere mykje meir av dette.

I dette innlegget deler eg inspirasjon, praktiske tips og tankar om korleis det er å ha med seg ein norsk fotograf til Italia eller Frankrike. Kanskje dette er akkurat det de treng for å ta det store valet?

Kvifor velje destinasjonsbryllaup?

Det er noko heilt eige med å feire bryllaupet sitt på ein stad som ikkje er heime. Lys, lukt, temperatur, omgjevnader – alt kjennest nytt og høgtideleg.

Eit destinasjonsbryllaup gir dykk:
– Ein miniferie saman med familien og venene dykkar
– Ein heilt unik ramme rundt dagen – anten de vel slott, vingard, villahage eller kystbyen
– Ei roleg og avslappa stemning der gjestane gjerne blir verande fleire dagar
– Ein meir intim feiring, fordi dei som reiser er dei som står dykk nærast

Og ikkje minst: omgjevnadene er fantastiske for foto. Lyset er annleis. Atmosfæren er mjukare. Fargane varmare.

Italia eller Frankrike? To ulike uttrykk – like magiske

Italia

Italia er varmt, rustikt og romantisk på ein heilt eigen måte. Her finn de:
– Toscana med dei klassiske åsane, vinmarkene og steinvillaene
– Amalfikysten med utsikt over havet og lyse murhus
– Gardasjøen og Comosjøen med dramatisk natur og elegante omgjevnader

Det er perfekt for par som ønskjer varme, jordnære fargar og solnedgangar som varer i ein evigheit.

Frankrike

Frankrike er elegant, sjarmerande og historisk.
Her får de:
– Slott med store hageanlegg
– Gamle steinbygningar, rosehekkar og pastellfarga veggar
– Dei romantiske landsbya i Provence eller det landlege i vest-Frankrike

Eg har sjølv erfaring med franske bryllaup og veit kor mykje atmosfære dei gamle eigedommane kan tilføre dagen.

Eg utvidar no til Italia

Etter å ha fotografert destinasjonsbryllaup i Frankrike, har eg fått verkeleg smaken på kor unikt og stemningsfullt det er å dokumentere kjærleik i nye omgjevnader. Difor utvidar eg no til Italia, eit land eg er så heldig å ha fått besøkt tidlegare. Mange norske par drøymer om den varme middelhavsstemninga, dei rustikke bygningane, vinmarkene og solnedgangane – og eg ønskjer å vere med og skape desse minnene. Sjølv om eg enno ikkje har fotografert bryllaup i Italia, har eg lang erfaring med planlegging, lys, logistikk og kommunikasjon rundt destinasjonsbryllaup, og eg gleder meg stort til å ta del i dei første italienske kjærleikshistoriene.

Erfaring som fotograf – og kva par ofte set pris på

Mange spør: Kvifor ta med fotograf frå Noreg når det finst fotografar lokalt?

Det handlar ikkje om at det eine er betre enn det andre – men ofte ønskjer par ei trygg, norsk stemme på laget. Nokon som forstår forventningar, stil og kommunikasjon – og som veit korleis norske bryllaup «kjenst».

Bryllupsfoto fra et destinasjonsbryllup i Europa

1. Eg er roleg, til stades og lett å jobbe med

Mange kjenner seg litt spent eller uvande når dei skal fotograferast. Då hjelper det å ha ein personleg fotograf som tek seg tid, gir tryggleik og let paret vere seg sjølve.

2. Naturlige og ekte bilete

Eg jobbar utan oppstilte posar. Eg fangar det som skjer mellom dykk – små smil, lette berøringar, ekte kjensler.

3. Erfaring med lys og forhold i Sør-Europa

Lys i Italia og Frankrike er annleis enn her heime. Det er meir intenst, og ein må planleggje godt. Eg veit når lyset er på sitt vakraste, og korleis ein får naturlege uttrykk i nye omgjevnader.

4. Grundig planlegging før avreise

Me går gjennom tidsplan, lysforhold, viktige stadar og logistikken rundt dagen. Då kan de slappe av – de veit at eg har kontroll på fotograferinga.

La oss snakke om bileta

Det som gjer destinasjonsbryllaup så spesielt, er kor sterkt reisekjensla kjem fram på bileta.
Nokre av dei vakraste motiva er:
– brudeparet i solnedgangen mellom oliventre
– ein roleg morgon i ei steinvilla
– kjensla av lys og fargar i ein gammal slottssal
– fellesmåltid ved langbord under vinrankar
– dans under string lights ein varm sommarkveld

Bryllupsfoto fra et destinasjonsbryllup i Europa

Gode ord frå brudepar eg har fotografert destinasjonsbryllaup for

Det betyr mykje for meg å få vere ein del av ein så viktig dag, og ingenting gjer meg meir glad enn når brudepara mine kjenner seg trygge og sett. Her er nokre ord frå Birgitte & Ansgar Johan som eg har fått æra av å fotografere under destinasjonsbryllaup i Frankrike:

Vi var så heldige å ha med oss Endre i Frankrike for vår bryllupshelg. Han er en fantastisk person, som virkelig vet hva han skal gjøre for å fange de beste øyeblikkene. En bryllupsfotografs evne til å få brudeparet til å slappe av og føle seg komfortable foran kamera skal virkelig ikke undervurderes, og her imponerte Endre sterkt! Jeg kan virkelig ikke tenke meg noen andre enn han som er bedre til nettopp det.

Endre er i tillegg en meget dyktig fotograf, som både fanger de minste detaljer, samtidig som han tar fantastiske bilder av brudeparet og omgivelsene rundt. Han blender inn blant gjestene og omgivelsene slik at man ikke trenger å tenke over at det tas bilder. Det sier også mye om hans profesjonalitet, og det gjør situasjonen mer avslappet.

Endre strekker seg langt for å imøtekomme ønsker og er alltid på tilbudssiden. Han brenner for det han driver med og det synes virkelig!

Vi anbefaler Endre på det aller sterkeste!


Har de spørsmål om destinasjonsbryllaup, eller lurer på korleis de kan gjere draumen dykkar til verkelegheit? Ta gjerne kontakt – eg deler gjerne erfaringar og hjelper dykk vidare i planlegginga.


Brudepar fotografert utendørs under et destinasjonsbryllup.

Praktiske tips når de vurderer destinasjonsbryllaup

1. Bestem stemninga før staden.
2. Vel ein plass som har alt de treng på ein stad.
3. Informér gjestane tidleg.
4. Planlegg ein enkel dag før bryllaupet.
5. Ha ein plan B for vær.
6. Set av tid til fotografering når lyset er finast.

Brudepar fotografert utendørs under et destinasjonsbryllup.

Er de klare for å tenkja nytt og stort?

Eg elskar destinasjonsbryllaup – både for atmosfæren, historia, kjærleiken og dei sterke visuelle uttrykka. Om de vurderer Italia, Frankrike eller ein heilt annan stad, så tek eg gjerne ein uforpliktande prat.

Send meg ei melding via kontaktskjemaet ved å klikke her, eller send meg ein e-post på: post@posthillerenfoto.no

Ser fram til å høyre frå deg!

Bryllupsfoto ved en historisk bygning med fransk stemning.

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *