Oct 26, 2022

12 grunnar til å booke videograf

Video frå bryllaupet har blitt meir og meir populært det siste tiåret og har raskt blitt ein viktig del av bryllaupsdagen. Å ha ein film frå bryllaupsdagen gir deg eit heilt nytt perspektiv som kan gjenskapa alle følelesane frå dagen.

Som fotograf har eg spurt meg sjølv «Kvifor skal eg booke inn ein videograf?».  

Ein fotograf fangar dei viktige augeblikka, medan ein videograf let deg gjennoppleva desse minna i sanntid! Det å sjå at tårene vært tørka vekk, høyra dine venner le under talane, sjå smila til dine venner når du går ned midtgangen er noko heilt eige på film.

Her er tolv gode grunnar til at det at du vil booke ein videograf til ditt bryllaup!

1. Orda dine kan ikkje fotograferast

Din tale og forsåvidt heller ikkje musikken kan fotograferast. Med video vil du kunne sjå desse utrulege augeblikka om og om igjen! Å sjå desse frå dine foreldre eller venners telefonskjerm er berre ikkje det same. Ved å ha med ein videograf i bryllaupet vil du syte for at desse minna blir bevart for alltid.

Ein videograf kan hjelpa deg med å gjenoppleva minna i åra som kjem og dela opplevelsen med andre. Kan hende videoen også kan bli ein årleg tradisjon der du får gjennoppleve dagen. Bryllaupet ditt er ein fantastisk ein gang i livet oppleving.

2. Bryllaupsvideoen din fangar eit anna perspektiv enn fotograferinga.

Du tenkjer kanskje at det er nok å ha ein fotograf, men bryllaupsvideoen din tener eit heilt anna føremål. Det er ikkje det at det er viktigare, men dei to uike formata tener ulike ting og utfyller kvarandre.
Bryllaupsfilmen fangar dei følelseslada augeblikka på ein måte som eit bilete ikkje kan. Desse augeblikka er ekte og ærlege, og vil væra ein uvurderleg skatt for åra som kjem.

3. Video frå ein iPhone vil ikkje gi deg det samme.

La oss væra ærlege. Eit opptak frå ein iPhone vil ikkje gi deg det samme som ein dedikert videograf vil kunne gi deg. Ikkje berre veit videografen kva han gjer, du treng heller ikkje bekymra deg for at kjærkomne augeblikk vil bli gløymde.

4. Bryllaupsvideoen fanger opp lyd frå dagen

Har du nokon gong ledd eller blitt rørt under ein film? Mest truleg! Dette er fordi filmskaparar brukar heile spekteret av dialog og lyd blanda med det visuelle.

Ein videograf er ein forteljar som vil gjere det same. Ein vil kombinera musikk, lyd og bileter på ein måte som bevegar deg og samstundes fangar dagens atmosfære og stemning.

5. Du vil kunne sjå augeblikka du gjekk glipp av.

Uansett kor stort bryllaupet ditt er, er det så mange ting som føregår, og du kan ikkje væra overalt på ein gong. Når du ser bryllaupsfilmen din, vil du kunne oppleva dagen til det fulle, inkludert dei delande du gjekk glipp av.

6. Del dagen din med venner og familie som ikkje kunne væra der.

La dei som ikkje hadde anledning til å bli med, få oppleva bryllaupsdagen slik den verkeleg skjedde. Kva med generasjonane som kjem? Tenk deg at du er den som kunne sjå og høyra dine foreldre eller besteforeldre gifta seg. Kor fantastisk ville det vore å sjå korleis dei snakka, oppførselen deiras og korleis dei har endra seg sidan den gong??

7. Opplev dagen igjen

Bryllupsdagen din skjer kun ein gong, og stol på oss, den flyg fort forbi. Å booke inn ein videograf til å filme bryllaupet ditt gjer til at dagen din vil leva for alltid. Etter å ha brukt månader om ikke år på å planlegge denne dagen, forten du å sjå tilbake på den når du vil. Bortsett fra å ha eit vakkert bryllaupsalbum med bileter, kan du enkelt få tilgang til bryllaupsvideoen din og gjenoppleva dagen.

8. Du vil ikkje angra på at du booka ein videograf

Bryllaupsdagen din skjer kun ein gong, og du kan ikkje gå tilbake i tid og bestemma deg for å booka ein videograf. Eg er trygg på at du ikkje vil angra på å booke det inn!

9. Du er verdt det

Du fortener å feira kjærleiken din og gjenoppleva kvart augeblikk av denne spektakulære dagen. Du har funne nokon du vil tilbringa resten av livet med! Eg høyrer ofte at bryllaupsvideoar berre ikkje er i budsjettet, og mitt svar på dette er: DIN KJÆRLEIK ER VERDT DET! Du har venta heile livet på dette augeblikket, syt føre at du gjer det rett! På slutten av bryllaupsdagen vil du dra med deg 3 ting: Ein partnar, bileta dine og bryllaupsvideoen din.

10. Videografen er også ein dyktig regissør

Videografen din er mykje meir enn ein person som trykkjer på opptak på kameraet sitt. 50% av arbeidet skjer i redigeringsrommet. Ein ordentleg videograf brukar det beste utstyret, musikken og programvara for å laga ein kreativ bryllaupsvideo du vil sjå attende på i åra som kjem.

11. Ta vare på dei ekte følelsane

Bryllaupsdagen din vil væra ein veldig emosjonell dag, ikkje berre for deg, men også for gjestane dine. Gjennopplev brugdommen som kjempar mot tårene når han ser deg for første gong, sjå gledestårene frå dine næraste når du får gifta deg med din utkåra. Å ha desse følelsane bevart gjennom video er eit minne for livet.

12. Bryllaupsdagen går veldig fort

Du vil ikkje sjå eller få med deg alt på bryllaupsdagen. Bryllaupsdagen din vil gå veldig fort, og du vil ikkje kunne sjå alt. Til dømes vil du ikkje kunne sjå brudepikene dine gå ned midtgangen. Du vil ikkje få med deg reaksjonane til dine næraste når du seier «Ja!».
Men ein videograf kan fange desse augeblikka på film, og la deg sjå dei som du verkeleg var der. Å ha ein videograf til stades vil gi deg eit meir fullstendig bilete av bryllaupsdagen din, og det er uvurderleg.

Ta kontakt i dag for å høyre meir og for å sjå videoar frå bryllaup!

EIN STAD FOR INSPIRASJON

Blogg / 21.

& Idear

Vis

Kommentar

/

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *