så kjekt at du tok turen innom

Med ein oppvekst på gard langt framme i Sogndalsdalen, var det ikkje sjølvsagt at det var fotograf eg skulle bli. På min første store utenlandstur hadde eg bestemt meg for å investere i eit fotoapparat, litt fordi eg hadde fått sansen for ordentlige fotoapparat (kanskje den største grunnen?;), men også fordi eg tenkte det var ein fin måte å ta vare på minna eg kom til å oppleve. No mange år seinare har eg framleis den same interessa, og alle desse åra med erfaring tek eg med meg inn i fotograferinga av ditt bryllaup!

På din dag vil eg først og fremst formidla den gleda, dei forventningane - ja, dei gode augeblikka som utspeler seg igjennom dagen. Eg har eit smittande engasjement, og ein væremåte som gjer at du kjem til å kjenne deg komfortabel med å bli teken bilete av. 
 
Ta deg god tid, set deg godt til rette å bla gjennom alt du finn her.

Eg er busett i Sogndal, men reiser dit du vil!

Mitt namn er Endre

Hei!

Din historie vil væra anleis frå den forrige, dette er noko som inspirerar! 

Fotografering gir meg så mykje på så mange forskjellige områder i livet, det gir meg ein glede i å skape noko, det gir meg ein glede i det at eg stadig vekk legg merke til nye motiv, men ikkje minst alle nye menneskja eg får bli kjent med. 
 
Stilen min kan beskrivast som lystbetont og personleg, samstundes som eg likar å bruke den storslotte naturen me har her i Noreg. 

Bileta du vil sitte igjen med vil væra augeblikk som vil hjelpa deg til å oppleva den store dagen igjen og igjen, for åra som kjem. 

det som inspirerar

augeblikka med deg

01 / 03

Ingenting er som å oppdage ny musikk!

Fotografering og utenlandsturar er ein flott kombinasjon, og oppdrag i USA og Madagaskar har gjort meg klar for ditt destinasjonsbryllaup! 

Om du drøymer om eit bryllaup på eit slott i Italia eller på rivieraen i Frankrike, så kan du rekne med at eg meir enn gjerne kjem for å fotografere ditt drøymebryllaup!

tek turen til deg

nye oppdagelsar

02 / 03

Eg har ein latter som smitta / I stor grad!

Alle kan væra fotografar, men det er ikkje alle som klarar å få deg til å slappa av framfor fotoapparatet. Det er ein av dei store forskjellane på meg og din onkel, søster, far og venninde.

Du kjem ikkje til å legge så mykje merke til meg i bryllaupet, og eg høyrer ofte at ein lurer på om eg har teke bileter i det heile teke. Då har eg gjort jobben min, då har ikkje eg teke fokuset.

Etter meir enn 100 bryllaup veit eg korleis ting fungerar optimalt. Det er viktig for meg at du opplev minst mogleg stress denne dagen og eg passar på at me legg opp alt rundt fotograferinga på ein behagelig måte.

Alt i frå førebuingane der du pyntar deg og har på finstasen, vidare til vigsla og feiringa så vil eg jobba diskré i bakgrunnen og samla fantastiske augeblikk som du vil ha stor glede av. Ja, til og med dei augeblikka du ikkje fekk med deg.

bak linsa

visste du

03 / 03

Mitt ynskje

at du skal stråla

Me er ingen like, og det er noko av det som gjer jobben som fotograf så spennande! Det er viktig for meg å lytta til dine behov og dine ynskjer. Slik at eg kan gi deg ein best mogleg opplevelse.


Ekte, lystbetonte bileter - av Deg & Din. 
Gode minner, for åra som kjem

GODE ORD

FRÅ MINE PAR

sykkylven

Ingjerd & Espen

/

Vi opplevde Endre som rolig, behagelig og med godt humør, som gjorde at fotograferinga vart ein svært positiv opplevelse for oss. Vi sit igjen med flotte bilder frå ein nydelig dag!

Endre fotograferte i bryllupet vårt. Han var imøtekommende, lett å prate med, flink med folk og ikke minst sitter vi igjen med masse fine minner og øyeblikk fra dagen vår. Anbefales på det varmeste!

Bergen

Tonje & Øystein

/

Endre skapte en avslappet stemning under fotoshooten og kom med gode innspill til poseturer underveis. Veldig greit for oss ikke-modeller som ønsker fine bryllupsbilder :D Og ikke minst så ble jo resultatet amazing! Anbefales på det varmeste!

jølster

Jeanette & Jan Reidar

/

Deg & Din  EIN Historie

 Ingen historie er lik.
Din er også unik!

Ta Kontakt