Din

år — 24

Bryllaupsguide

velkommen

som

kapittel

Til

LUKKE

saman

BEGGE

til dykk

STARTAR

på eit nytt

Som bryllaupsfotograf kjenner eg meg beæra over å få dokumentera dagen din, samt gi deg eit viktig råd: planlegg eit bryllaup som før deg til å føla deg fantastisk.

Og det viktigaste, legg vekk alle forventningar og gjer det du vil! Les rolig gjennom alle detaljane i denne guiden for å planlegga drøymedagen din, eller berre skum gjennom for ei rask oversikt. Det viktigaste er at bryllaupet ditt føles som deg! 

I denne guiden vil eg dekka alle detaljane i løpet av heile dagen, slik at ting skal gå smooth og du kan fokusera på å seie "JA" og ha ein heilt fantastisk dag! La oss komme i gang! 

Hugs at bryllaupsdagen din handlar om å feira kjærleiken til kvarandre, så ikkje føl deg forplikta til å følga nokre spesifikke tradisjonar. Gjer det som kjennest rett for dykk som eit par, og nyt kvart augeblikk av dagen. 

saman

snakk

Her er ei nyttig lista som vil gjera det lettare for dykk å bestemma kva som er viktigast. Ved å bruka denne lista vil du kjenna deg meir trygg når du formidlar dine preferansar til meg, og eg kan passe på å fange augeblikka som betyr mest. 

+ Har du nokre tankar for kor mykje tid de ynskjer å bruke på fotograferinga? 

+ Har du nokre spesifikke lokasjonar i tankane? 

+ Har du nokre poseringar, som du allereie veit no du vil ha? 

fotograferinga av dykk 2 

Eg forstår kor verdifulle bileta dine er for deg. Dei er dine minner som vil vara livet ut. For å væra trygg på at me tek bileta som betyr mest for dykk begge, så føresler eg at de tek ei stund saman for å snakke om kva som er viktigast. Det kan godt hende at nokre bileter har større betydning for ein av dykk.

Sjølv om du ikkje er spesielt oppteken av spesifikke bileter, er det verdt å vurdera deiras betydning for din forlovede.

Akkurat slik som open kommunikasjon er viktig mellom dykk, gjeld det sama i møte med meg. Vær trygg på at viss du treng ein pause frå fotoapparatet, så er det berre til å gi meg ein lyd. Denne dagen handlar om deg og om å gjera den akkurat slik du vil ha den.

+ Kle seg (også kjent som å ha på seg kjole og dress).

+ Bileter av tilbehøyr og detaljar slik som smykker, ringar, parfyme, klokker eller andre ting som har betydning for deg. 

+ Portrett av deg på morgonen før det startar. Desse kan bli heilt fantastiske og gi deg ei anna oppleving enn resten av dagen. Eg anbefalar dette.
Om du ikkje føler for det er det heilt greitt. 

+ Oppstilte familiebileter

+ Planlagte  bileter i pyjamas eller liknande og vidare i festantrekk. 

Gjere seg klar (getting ready) bileter

Eg kjem til å fokusere på å fanga stemningsfulle augeblikk utan å forstyrre.
Du vil muligens ikkje legga merke til at eg er der. 

sermoni

+ Kven ynskjer du gruppebileter i lag med? Bestem dette på førehand så slepp du 
at dette blir styrete på sjølve bryllaupsdagen. 



Familie bileter/gruppe bileter

Når eg held på med fotograferinga, så passar eg på at eg gjere minst mogleg ut av meg. Men det er berre til å gripe tak i meg når du ynskjer bileter av noko heilt spesifikt. 

festen & Dansegolvet

Del 1 /

gjere seg klar

Å gjere seg klar til bryllaupsfesten kan væra ein kjekk ting og ikkje minst veldig avslappande. Med eit par tips på vegen kjem dette til å bli veldig bra. Her er nokre idear for å få desse bileta til å bli ekstra spesielle:

skal væra med? 

kven

Å gjera seg klar for den store dagen kan væra både spennande og nervepirrande. Hugs at du har stor friheit til å velga kven du vil dela denne spesielle tida med. Enten det er ei stor gruppa eller nokre få nære, er nøkkelen å skapa ein atmosfære som får deg til å føla deg komfortabel og avslappa. Viss du føler for det, så er det ingenting i vegen for å tilbringa morgonen med din forlovede.

Omfavn morgonen, og få mest mogleg ut av denne stunda. Desse augeblikka kan fangast på bileter og verdsettast i mange år framover. 

kven skal ein bruka morgonen 

av bryllaupsdagen ilag med er lurt å tenkje igjennom.

skal

væra med? 

til å bli eit kaos

Det kjem

Her er tips for å sikra at bryllaupsbileta dine er perfekte midt i spenninga og kaoset ved å gjere seg klar. 



VELG UT EIN ANSVARLEG
Velg ut familemedlem eller ein venn til å hjelpa deg med å halde ting organisert under forberedelsane dine. Dei kan gjere enkle oppgåver som å rydde vekk tomme glas og flasker eller klesheingarar som ligg strødd.

PRIORITER NATURLEG LYS OG ROM
For å hjelpa til med å ta flotte bileter, er naturlig lys og plass avgjerande. Viss du er usikker på kva rom eller del av rommet du skal bruka for bileter så hjelper eg deg gjerne med å velga.

DET VAKRE I KAOSET
Til tross for at ein har nokon som skal passe på å rydde etterkvart, så kan noko av rotet framleis væra synleg på bileta ettersom eg skal ta bileter frå ulike vinklar. Men som bryllaupsfotograf trur eg det er noko unikt og fint i kvart augeblikk, inkludert kaoset. 

Å Halde rommet ryddig

vil skapa ei fin atmosfære

lokasjonar

Usikker på kvar du skal gjera deg klar for din store dag? 

Eg har beskrive nokre av favoritt plassane mine for innspirasjon nedanfor.

Andre stadar

heime

airbnb

Vis fram din personlegheit gjennom kor du gjere deg klar! Enten du vel eit flott hotell, eller ein plass med mykje historie vil bileta dine bli fantastiske. 


Viss du bur på eit hotell, spør personalet om du kan ta bileter i fellesområda. For å sikre personvernet kan du også be om å reservera eit spesifikt område, eller ein del av det under fotograferinga. 


Å gjera seg klar i eigen heim, eller familiens heim kan skape ei heilt eiga atmosfære og særpreg på denne delen av dagen. Eg kjem til å ta «etableringsbileter» (også kjent som bileter som har til hensikt å fortelje kor me er i dagens historie) samt fanga meiningsfulle detaljar i heimen. 

Airbnbs kan væra den perfekte staden for bileta tidleg på dag. Ikkje berre kan dei gi deg ein koselig og behageleg atmosfære, men også eit unikt og visuelt bakteppe for bileta dine. 



Viss du er usikker på kor du skal byrja, ikkje nøl med å be om anbefalingar eller hjelp til å undersøke lokale alternativ. La oss arbeide saman for å finne den perfekte Airbnb som utfyller din stil og visjon for bryllaupsdagen din. 

Viss du skal sminka deg, prøv å plassera deg framfor eit stort vindauge for å få med det vakre naturlege lyset. Dette vil gjera til at me får eit veldig naturleg og fint lys på ansiktet ditt medan sminken blir påført, samt vil det hjelpa oss til å få best mogleg bileter. 

Og viss du ikkje har sminke, vil eg fortsatt fanga alle dei spesielle augeblikka i klargjeringsprosessen. Enten du rettar på slipset eller tek på deg smykket framfor ein spegel, så er eg klar for å fange alt med fotoapparatet. 

makeup

bileter

detalj

+ Sokkar

+ Parfyme

+ Slips

dette inkluderar, men er ikkje begrensa til:

Desse bileta er av alt tilbehøyr du skal ha på deg for å fullføre antrekket ditt, som mansjettknappar, smykker, parfyme, sko, osv. 

Viss du vil ha desse bileta, pass på at du samlar alt i førekant så går det raskare å fotografere alt.

+ Sko

+ Vesker

+ Mansjettknappar

+ Slipsnål

+ Smykker

+ Klokker

mat

Ikkje gløym å ta vare på deg sjølv med litt næring i løpet av dagen. For ja, du treng meir enn middagen. Utnevn ein av forlovarane eller eit familiemedlem til å ta ansvar for å halde dykk gode og mette, spesielt deg og partnaren din. 



Eventuelt kan de bestille eller gå på ein kafé i nærheiten for ein rask matbit. Hovudbodskapet er uansett, ikkje gå rundt svolten. 

atmosfære

Det er ingen reglar for kva du skal gjera på morgonen, så miks saman og gjer det til ditt eige. Du, partnaren din dei de vil skal væra der, kan gjera aktivitetar for å komme i stemning for dagen og ikkje minst gjera denne tida endå meir spesiell. 



Uansett kva du går for, gi meg ein lyd viss det er noko spesifikt du ynskjer at eg skal fotografere. Så legg eg tilrette for dette i tidsplanen. 

skap ein

Set på litt musikk, sprett ei flaske. Dette er ein dag som skal feirast! 

Nokre dømer: 

+ Frukost ilag

+ Morgonbad

+ Gå på kafé

+ Jogge- eller spasertur

For å sikra at eg kjem til sermonien før deg, dreg eg dit omlag 30 minutt på førehand. På denne måten kan eg setta meg inn i omgjevnadane, fotografera vigsla og få eit overblikk før det verkelig startar. 

lokasjon for vigsla tidlegare

Eg bevegar meg mot din /

ein ha på seg?

Når du har booka meg som fotograf, kva med å gi beskjed til familie og venner på førehand slik at me i tillegg kan ta fine bileter av dei. På den måten kan alle væra litt meir innstilt, komfortable og ikkje minst klare for fotoapparatet. 



For å setta eit morosamt og samanhengande preg på bileta dine, kan du og din forlovar vurdera å bruka matchande kapper eller pyjamas. For dei som føretrekk å bruka sine eigne klær føresler eg å ha på seg noko uformelt eller noko dei føler seg fine og glade i. 

KVA SKAL

Når det gjeld førebuingsdelen av dagen din, så tykkjer eg vanlegvis at det er bra å bruka henholdsvis opp mot 1 time hjå brud og omlag halvparten med brugdom. Dette let meg fanga alle dei viktige detaljane, som antrekket ditt, håret og sminken. 

Sjølvsagt (og det skjer jo stadig), viss ein av dykk gjere seg klar raskare eller treigare enn den andre kan me justera tida vår deretter. 

gjere seg klar

Tid Tilbrakt Med Deg /

For å væra sikker på at me har god tid til å fange alle dei verdifulle augeblikka i klargjeringsprosessen, ville det vore flott om hår og sminke er ferdig rundt 30-40 minutt etter at eg kjem. Pass på at forlovarar allereie er ferdige når eg kjem.

Det er full forståelse for at du føretrekk at eg ikkje tek bileter av deg medan du tek på kjole, men dei siste detaljane er alltid kjekke minner å få dokumentert. 
Sei gjerne i frå om kva du er komfortabel med på førehand, så tilpassar eg dine preferansar. Og du kan heile tida slappe heilt av, eg har ingen «innvanderande» tilnærming i fotograferinga. 



Vidare så dreg eg til staden for vigsla 30 minutt før du gjer det, så det er veldig flott om du reknar med nok tid for eventuelle forsinkelsar. Til dømes sminke eller hår. Viss du treng hjelp til å setta saman ei tidslinja som fungerar for deg, så må du ikkje nøle med å ta kontakt med meg. 

når bør eg væra klar?

Viss du er open for å gå vekk frå tradisjonar, kan ein first look by på mange fordelar. Det er her du og partnaren din deler eit privat augeblikk i bryllaupsantrekket ditt medan eg fangar heilt uvurderlige reaksjonar. Denne finn plass mellom klargjering og sermonien, og let deg dela eit intimt augeblikk utan publikum, i tillegg får de endå meir tid saman på denne heilt spesielle dagen. Kanskje lettar dette også litt på nervene før sermonien. 

Frå ein fotografs perspektiv let ein first look meg fange ekte følelsar, frå tårene til smila og den reine spenninga medan du begeistra set ord på kor fantastisk flott partnaren din ser ut! 

First look kan også utvida fotograferingstidslinja di, og sikra eit endå større mangfald av portrett. 

the first look

Del To /

vigsla

blomster pike

Smårollinger som kjem opp kyrkjegulvet er veldig sjarmerande, men tidlegare erfaring har lært meg at det er best å ha ein plan B i tilfelle ting ikkje går så knirkefritt som planlagt. Viss dei små blir overvelda eller bestemmer seg for å gjera sine eigne ting midt i løpet, så er det lurt å ha nokon i umiddelbar nærheit klar til å gå inn og hjelpa dei til målstreken. 



Å sjå så mange fremmande andlet på ein gong kan væra skummelt for små ungar, særskilt viss det er deiras første gang som blomsterpike/ringberar. Å ha ein plan B på plass vil gi dei tryggheit, slik at du kan nyta det vakre augeblikket utan å måtte bekymra deg for potensiell stopp. 

vind

Eit langt slør kan væra heilt fantastisk, men diverre kan det skapa nokre praktiske problem viss det bles. Viss du planlegg ein utandørs sermoni og har bestemt deg for å bruka slør er det ein god idé at forlovaren din veit korleis du kan fjerna det eller justera det, slik at dei kan hjelpa deg viss det plutselig bles veldig. 


Hugs også at det er heilt normalt å bruka litt tid på å justera antrekket, ta av sløret eller til og med setta seg ned under seremonien. Venner og familie er der for å feira og støtta deg, og dei vil forstå viss du treng å ta ein pause for justeringar for å føla deg meir komfortabel. 

det kan bli

UNPLUGGED

Vurder en telefonfri seremoni, vennligst be gjestene halde telefonene i lomma eller veska. Det reduserar distraksjoner og hjelper til med å få ekte biletar utan mobilar som skyggar for smil og latter. Ein kan enkelt innformere om dette i forkant av seremonien.

sermoni 

Konfetti! 

Avslutt sermonien med ein fargerik og morosamt "Brak" av konfetti! Dette kan gi nokre verkeleg nydelige bileter. Du kan velga mellom blomsterblad som eit miljøvennleg valg for konfettien. 

For å organisera det på best mobleg måte, så ville eg ha delegert ansvaret til ein av gjestene med å få lagt det ut på stolane før dei andre kjem. 

For dei beste bileta, så kan ein få gjestene til å stilla seg opp etter utgangsmarsjen og gratulasjonane. Så kan de gå inn i eit hav av konfetti på veg mot brudebilen. Slik hindrar ein at ein blir avbryt av gratulasjonar og klemmar.

Personlege løfter er valfrie, og det er heilt forståeleg viss du kjenner deg ukomfortabel med å dela dei. Viss du ynskjer å skriva personlege løfter, men føretrekk ikkje å ha eit publikum, kan me arrangera eit privat augeblikk for kun dykk to.

Eg vil væra der for å ta bileter diskret i bakgrunnen. Me kan planlegga dette augeblikket etter at de har gjort dykk klare, etter ´first look´, mellom fotograferinga etter vigsla, eller under ein solnedgangsfotografering

PERSONlege løfter

Å skrive personlege løfter er heilt valfritt

Del 3 /

og

Familie

gruppe bileter

Ynskjer du eit gruppebilete med alle dine næraste, kan me ta det rett etter vigsla når alle er samla. At me har litt god plass gjer ting lettare, så ein utandørs beliggenheit er å føretrekka. 

Eg tek jobben i lag med toastmaster for å sette opp gruppebilete. Å verva ein "høglytt" venn kan også bidra til å samla alle saman.

gruppe

BILETER

Det kjem an på kor stor familien din er, og kor mange grupper du vil dela familien inn i, og kor enkelt det er å koordinera alle under økta. 

FAMILIE

BILETER

Ein familie beståande av 

familie 2

+ Brudepar + Besteforeldre til brud

+ Brudepar + Besteforeldre til brudgom

+ Brudepar + Søsken til brud

+ Brudepar + Søsken til brudgom

+ 20 (6-8 grupper): vil det ta 10 - 20 minutt

+ 30 (9-12 grupper): vil det ta 20 - 30 minutt

+ 40 (13-16 grupper): vil det ta 30 - 40 minutt

+ 50+ (17-25 grupper): vil det ta 40 - 60 minutt

Kor lang tid tek familiebileta? 

Bryllaupsdagen din er ein utruleg moglegheit til å fanga dyrebare augeblikk med dine kjære. For å væra sikker på at me får alle bileta du ynskjer, ber eg deg om å gi meg ei lista over dei spesifikke oppstillingane du har i tankae på førehand. Avhengig av størrelsen på familien din, kan dette ta alt i frå 5 til 20 minutt. 

Viss det er noko sensitivt eller utfordrande familiedynamikk som eg bør væra merksam på, kan du gjerne dela det med meg. Målet mitt er å skape ein behagelig og hyggelig fotografering. 

Dømer på ulike oppstillingar: 

+ Brudepar + Foreldre til brud

+ Brudepar + Foreldre til brudgom

+ Brudepar + Kjernefamillie til brud

+ Brudepar + Kjernefamillie til brudgom 


Familie 1

Del 4 /

og

portrett-

fest bileter

Forlovar

Det kan væra lurt å ta bileter med forlovar i byrjinga av hovudfotograferinga. Det er lettast å gjere seg unna med desse bileta, før me set alt fokus på dykk to. Samstundes så får de ein pust i bakken og får væra litt med forlovarane før resten av fotograferinga. 

Vidare vil eg anbefale at eine forlovaren (eller nokon andre de er avslappa med), blir igjen og hjelper til med praktiske ting. Det kan væra å halde paraply, ordne på sløret, hente vatn eller liknande. 

bileter

fotograferinga?

Når det gjeld å ta fantastiske bileter av dykk to, vil eg passe på at du kjenner deg komfortabel og avslappa. Eg forstår at bryllaupsdagen din kan væra travel, så eg skal gjera mitt beste for å halde oss til timeplanen. 

For å sikra at me har nok tid til å ta desse fantastiske bileta, føresler eg at du legg til rette for 1 time med fotografrafering (ikkje inkludert reisetid). Viss du ynskjer å ha fleire lokasjonar vil nok 1,5 timar væra passande. Hugs at mindre kan væra meir - dess færre stadar me har, dess meir tid har du til å slappe av og kjenne deg komfortabel framfor fotoapparatet. 

Kor lang tid tek

fotograferinga?

+ Touch-up. makeup og spegel

+ Kamb og q-tips

+ Joggesko og/eller gummistøvlar

+ Sikkerheitsnåler, nål og hyssing

Kva bør eg ta med til

+ Champagne/ Forfriskningar

+ Solkrem

+ Lommetørkle

+ Snacks

bileta?

For dei vakraste fargetonane er den ideelle tida for parbilder under solnedgang, då sola ikkje er for skarp. Viss dette ikkje er mogleg, så er det inga grunn til bekymriing! Eg har mange års erfaring med å fotografere i all type lys, så eg vil passe på at du får fantastiske bileter. Så lenge det er noko lys lys tilgjengelig, kan eg jobba med det for å lage vakre bileter som du kan setta pris på.

Ta 

bør me

Når på dagen  /

Eit av mine beste tips for å hjelpa deg med å kjenna deg komfortabel og trygg framfor fotoapparatet er å planlegga ei forlovelsesfotografering i forkant av bryllaupsdagen. Dette vil gi oss sjansen til å bli betre kjent med kvarandre, pluss at du har endå fleire vakre bileter til veggane dine! Du kan til og med bruke forlovelsesbileter til invitasjonane dine. 

Det viktigaste å hugse på er å væra seg sjølv! Eg forstår godt at det kan væra skremmande å posera for ein fotograf, men du kan slappe heilt av, eg vil veileda deg og få deg til å føle deg fantastisk. 

Viss du ikkje er fan av posering, er det ikkje noko problem! Eg elskar å fange oppriktige augeblikk, og eg vil hjelpa deg til å føla deg naturleg og komfortabel under fotograferinga. 

par fotograferinga

Tips /

for å føla deg fantastisk under

Alt etter kor du planlegg bryllaupet, er det lurt å tenkje på logistikken i forkant. Allier deg med eit familiemedlem, eller ein forlovar som kan væra behjelpelig med å køyre til og frå fotograferinga. 

transport

del 5 /

bryllaupsfest

lokal og pynt

Med alle dei spennande moglegheitane for foto på dykkar dag, kan det henda at eg ikkje har så mykje tid til å fotografere sjølve festlokalet i forkant. Viss desse bileta er viktige for deg (noko eg har full forståelse for). kan me vurdera å ha med ein ekstra fotograf for å sikra at alt blir dekka). La oss snakka om dette alternativet vidare viss du er interessert.

fotografering av 

Bordpynt og lokalet i seg sjølv, kan væra vakre detaljar til historia di for din spesielle dag. For å sikre at bileta ser best ut, vil eg gjerne ta dei før gjestene dine kjem. 

tips

Viss du er usikker på belysninga i sjølve festlokalet ditt, er eg her for å hjelpa. Eg har god erfaring med å jobba med ulike lyssituasjonar. 

Eg prøver så langt det er mogleg å ungå blitsfotografering under talar, då det kan kjennast ekstra påtrengande ut. Lokal med store glasruter som slepp inn mykje naturleg lys er alltid ei god hjelp. 

Har du spørsmål angåande belysning, ikkje nøl med å ta kontakt - eg hjelper gjerne på alle måtar eg kan. 

belysning i festlokalet

Er dette eit viktig augeblikk for deg, pass på å kommunser dette tydeleg til toastmaster. Slik passar me på at dette blir eit spesielt og minneverdig augeblikk. 

kutting

To make sure we capture the heartfelt moments of your speeches and guests' reactions, having adequate lighting in the speech area is important. If you're unsure about how much lighting is required, I'm can offer suggestions.

talar

kake

Be dei på lokalet om å dempa lysa og gjestene om å halde oppe telefonane med lommelykta på. Dette vil skapa ein konsertlignande stemning og gi nokre utrulege bileter. Gi beskjed til bandet eller DJ-en, så kan dei væra med på å instruera gjestane.

Første dans

Pass på å invitera alle til å stille seg rundt danseulvet for første dans. Er du redd for at dansegulvet fort skal dabbe av? Snakk med dei du veit på førehand er glad i å svinge seg, og gi dei klar beskjed om å entra dansegolvet så fort de er ferdige med dykkar dans. 

Tips:

Augeblikket etter din første dans er den perfekte moglegheita for alle å ta seg ein svingom for ein sang eller to. Det er også ein utmerka sjanse for meg til å ta nokre bileter frå dansegulvet. Viss gjestene dine treng eit lite ekstra dytt for å få i gang festen, kan forlovarane gå foran med eit godt eksempel.
La oss lysa opp dansegulvet med nokre uforgløymelige augeblikk! 

før eg reiser

pass på å legge opp til tid på /

dansegulvet

Avhengig av fotograferingspakka du velger, er det kanskje ikkje den mest effektive bruken av vår tid saman at eg er der då mykje lenger når først dansen er i gang. Men kanskje ynskjer du å markere ein form for avslutning på feiringa med stjerneskot. Viss du vil ha dette augeblikket fanga, gi meg beskjed på førehand slik at me kan legge opp ei tidslinja og eventuelt legge til nokre fleire timar om naudsynt. 

Det er viktig å hugsa på at utgangar med stjerneskot kan væra uforutsigbare. Sjølv om dei kan lage nokre vakre og morsomme bileter, kan det væra utfordrande å koordinera ei stor gruppe menneskjer å halde stjerneskot og dane to linjer eller ein hestesko. Eg skal gjera mitt besta for å fanga dette augeblikket, men vær innstilt på at ting ikkje alltid går heilt etter planen.  

kvelden

avslutning på 

Del Seks /

noko anna?

været

Viss du er usikker på været eller om det er varsla regn, så anbefalar eg å ha nokre fine solide paraplyar for sikkerheits skuld. På denne måten kan me fortsatt fanga vakre augeblik utan å bli gjennomblaut. 

Store trer fungerar også fint som provisoriske paraplyar. 

TID FOR 

Eg har alltid med meg litt snacks, men når middagstida kjem, et eg samstundes som deg og gjestane dine. 
Ingen ynskjer å ha bileter av ein et uansett. Set meg gjerne på eit bord i hjørna av lokalet, slik har eg full oversikt og kjem ikkje til å gå glipp av noko tale eller innslag. 

pause

Del 8 /

tidslinja

Fotografere festlokal
-bordpynt og detaljar

Fotografering av at ein gjere seg klar. 
- detaljbileter av kjole, dress, ringar mm. 
- first look? 

Fotografere gjester som kjem til vigsla. 
- Forevigvare stemninga av ein brudgom som mest truleg byrjar å bli litt spent. 

Vigsla 

Fotografering på kyrkjetrappa og gruppebileter

Hovudfotografering

Mottakelse
- Brudeparet kjem til festlokalet for velkomstdring og familiebileter. 

Bordsetting 

Forrett 
3 talar

Hovudrett
3 talar

Dessert 

Me snik oss ut for å fotografere nydelige bileter i kveldssola.

Kake kutting 

Brudevals og festen byrjar!

Ferdig

10-TIMARS EKSEMPEL

6-TIMARS EKSEMPEL

4-TIMARS EKSEMPEL

Inkludert i pakka 
Kun det beste

Inkludert i Pakka
Det Du Treng

Inkludert i Pakka
Evig Klassikar

10:30


11:00



12:30



13:00

14:00

14:30

16:00



16:30

16:45


17:30


18:30

19:00


19:30

20:00

20:30

Fotografere festlokal
-bordpynt og detaljar

Fotografering av at ein gjere seg klar. 
- detaljbileter av kjole, dress, ringar mm. 
- first look? 

Fotografere gjester som kjem til vigsla. 
- Forevigvare stemninga av ein brudgom som mest truleg byrjar å bli litt spent. 

Vigsla 

Fotografering på kyrkjetrappa og gruppebileter

Hovudfotografering

Mottakelse
- Brudeparet kjem til festlokalet for velkomstdring og familiebileter. 

Ferdig

10:30


11:00



12:30



13:00

14:00

14:30

16:00



16:30


Fotografere gjester som kjem til vigsla. 
- Forevigvare stemninga av ein brudgom som mest truleg byrjar å bli litt spent. 

Vigsla 

Fotografering på kyrkjetrappa og gruppebileter

Hovudfotografering

Ferdig

12:30



13:00

14:00

14:30

16:30


10:30


11:00



12:30



13:00

14:00

14:30

16:00



16:30

16:45


17:30


18:30

19:00


19:30

20:00

20:30

10:30


11:00



12:30



13:00

14:00

14:30

16:00



16:30

12:30



13:00

14:00

14:30

16:30


Del 9

hugs på / Gløym det

Ta ein djup pust, i dag er ein markering av din kjærleikhistorie, så nyt kvart augeblikk av glede og spenning. 

Få i deg mat og drikke gjennom heile dagen. 

Lag ei fototidslinja for å sikra deg at me fangar alle dei spesielle augeblikka. 

Skriv ned ei lista over familiegruppebileter, legg dei inn i vårt felles planleggingsdokument i forkant av bryllaupet. 

Skriv ned eventuelle spesfikke bileter du ynskjer, legg dei inn i vårt felles planleggingsdokument i forkant av bryllaupet.

Samle saman alt tilbehoyr du vil ha i detaljbileta dine, og ha dei klare om morgonen. 

For å væra sikker på at alt går knirkefritt, deleger ansvaret for at rommet du skal gjere deg klar på er ryddig før eg kjem. 

Gi frå deg ALT praktisk ansvar. 

Eg sit på masse erfaring, og du må føle deg heilt fri til å spørje om Ikkje nøl med å kontakte meg om det er nokoEg sit på masse erfaring, og du må føle deg heilt fri til å spørje om Ikkje nøl med å kontakte meg om det er noko

+


+

+


+


+


+


+

+

+




+



+

+


+



hugs på

gløym det

Denne dagen handlar om deg og din partnar, så gløym heilt tanken om å gjere alle til lags. Det er greit å sei nei til ulike idear og tradisjonar som ikkje stemmer overeins med det de ynskjer. 

Det er ingen grunn til å gå rundt å bekymra deg for bileta - eg passar på!

Du er ikkje masete og brysam om du delegerar oppgåver til familiemedlemmar eller venner. Du treng ikkje gjera alt sjølv, og det er heilt i orden å be om hjelp. 

Det er ikkje ditt ansvar at gjestene har det kjekt.

+



+

+


+



+



+


+



+

+

+




+


+




+


sjekklista

Nedanfor finn du ei sjekklista som eg håpar kan væra til hjelp i planlegginga av den store dagen. Dette er ikkje ei "må" lista, då eit bryllaup kan sjå ut som du vil og involvera alt som passar for deg. Bruk difor denne lista som ein guide for kva bryllaupsdagen din kan innebæra. Du kan skriva ut sjekklista og bruka avkryssingsboksane for å markera det du har gjort.

gjere seg klar lokasjonen

▢  Bluetooth Høgtalar
     
▢  Mat & drikke

▢  Strykejern

▢  Tekstilrull

▢  Nokon som kan knyte slips

▢  Hårfønar

I løpet av bryllaupsdagen

▢  Sysaker

▢  Deodorant

▢  Lommetørkle

▢  Sikkerheitsnåler

▢  Kamb

▢  Hårspray

▢  Paracet

▢  Lepestift 

▢  Paraply

▢ Sjal/jakke (i tilfelle det blir kaldt)

▢ Paraply

Sjekklista for bryllaupet

Handlast inn / Bekledning til brudeparet

▢  Ringar

▢  Brudekjole

▢  Sko

▢  Smykker

▢  Øyredobbar

▢  Parfyme

▢  Dress

▢  Belte

▢  Slips/Sløyfe

▢  Slipsnål

▢  Klokke

▢  Mansjettknappar

▢  Sko

▢  Sokkar


Booke inn / Planleggast:

▢  Fotograf

▢ Bryllaupsinvitasjonar

▢  Videograf

▢  Lokal for bryllaupsfesten

▢  Kyrkje/Lokal for vigsla

▢  Frisør

▢  Makeup Artist 

▢  DJ/Band

▢  Florist

▢  Vigslar

▢  Musikk til vigsla

▢  DJ/Band

▢  Transport

▢  Catering

▢  Bryllaups kake 

▢ Photo Booth

▢ Konfetti

▢  Bord dekorasjon

▢  Lys

▢  Blomster


Handlast inn / pynt til Festlokalet

Mood Boards For:

▢  Pynt til vigsla

▢  Pynt i festlokalet

▢  Pynt til bord

▢  Blomster

▢  Skilt

▢  Kjole

▢  Sko

▢  Dress

▢  Belte

▢  Slips

▢  Mansjettknappar

▢  Knapphullblomst

▢  Blomsterkrans
     (For blomsterpike)


handlast inn / forlovarar, foreldre, blomsterpike

To Do:

▢  Skrive Løfter til kvarandre

▢  Printe ut 
     

Skriv ut sjekklista

Utstyr

sjekklista for bryllaupet

12-18 Månader

8-12 Månader

4-8 Månader

▢  Book ein forlovelsesfotografering (med meg ☺)

▢  Send ut save-the-date kort eller lag eit Facebook event. Bileta me tek på forlovelsesfotografering kan brukast her. 

▢  Planlegg vigsla

▢  Finn overnattingstad for tilreisande gjestar

▢  Book transport (om det er behov for det)

▢  Start planlegginga av bryllaupsreisa

▢  Registrer ynskjelista på butikkar de er glad i

▢  Kjøpe bryllaupsringar

▢  Sende ut bryllaupsinvitasjonar

▢  Bestill bryllaupskake

▢  Set opp tidslinja for bryllaupsdagen

▢  Book møte med toastmaster for ein gjennomgang av dagen

▢  Øv på den første dansen. Øvelse gjer mester, så det er lurt å starte tidleg. 

Dagen Før

På Bryllaupsdagen

2-4 Månader

1 Månad

1-2 Veker

planleggaren

▢  Set eit budsjett for bryllaupet

▢  Bestem størrelse og stil for bryllaupet

▢  Lag deg eit mood bord på pinterest til å samle idear 

▢  Bestem bryllaupsdato

▢  Undersøk og book lokal for fest og vigsla

▢  Book bryllaupsplanleggar (om du kjenner behov for det)

▢  Lag gjestelista

▢  Handle inn bekledning og tilbehøyr

før bryllaupet

før bryllaupet

før bryllaupet

før bryllaupet

før bryllaupet

før bryllaupet

bryllaupet

▢  Velg musikk
     for første dans, vigsla, mottakelsen og festen

▢  Gå gjennom meny 

▢  Bekreft antall gjester med catering/hotellet

▢  Lage/kjøpe inn bordpynt

▢  Dele tidslinja med vertskap, forlovarar og familie 

▢ Bekreft antall gjester med catering/lokal 

▢  Ferdigstille bordkart

▢ Oppdatere planleggingsdokumentet med fotograf (meg) 

▢  Bekreft og gå igjennom dei siste detaljane med leverandørar

▢  Gå gjennom sjekklista og sjå om det er noko som ikkje er på plass

▢  Ha eit siste møte med toastmaster


▢  Slapp av og nyt tida i lag med familie og venner

▢  Få deg ei god natt søvn

▢  Gjer deg klar i lag med forlovarar og/eller partnar

▢  Følg deg fri til å spørje venner og familie om hjelp på den store dagen. Om det er at du treng drikke, snacks eller noko som helst anna. Dine venner og familie ynskjer at du skal ha ein uforgløymeleg dag. La dei få vite kva du treng! 

Skriv ut planleggaren